Varsel om flaumfare

Torsdag er det vente store nedbørmengder over store delar av Vestlandet.

Det melder NVE, som no har sendt ut flaumfare på gult nivå for Vestlandet. 

– Det er venta mykje nedbør torsdag, som regn under cirka 1500 moh. Grunnvasstanden og vassmetningsgraden i bakken er allereie høg, påpeikar dei.

Det er knytt uvisse til kor den mest intense nedbøren vil treffe, men vassføringa er venta å auke i elvar og bekkar. 

– Dette kan føre til lokale oversvømmeingar og/eller erosjonsskader.

NVE har også sendt ut varsel om jordskredfare i Sør-Norge, på gult nivå.

– Det er venta nokre jord- og flaumskredhendingar. Enkelte store hendingar kan førekome. Utsette bane- og vegstrekningar kan bli stengde. Bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsett

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.