NVE sender ut flaumvarsel

Grunna dei store nedbørsmengdane har NVE komme med flaumvarsel på oransje nivå for store delar av vestlandet.


Oransje nivå, er det nest høgaste nivået, (grønt, gult, oransje, raudt), og konsekvensane kan vere omfattande overfløyming, erosjonsskader og flaumskader.

Det kan også føre til stengde vegar og bruer, men så langt har Vegtrafikksentralen berre motteke meldingar om mindre hendingar.

Hald deg oppdatert på varsom.no.