PERSONVERN OG BRUKSVILKÅR

Sist endra: 13.12.2024


Vi tek personvern alvorleg og ønskjer å vere så opne som mogleg med kundane våre om korleis vi tek vare på dette. Her kan du lese kva for informasjon vi lagrar om deg, og kvifor vi gjer det.

Kvifor er dette viktig?
I 2018 vart nye personvernreglar innførte i Noreg som følgje av eit nytt EU-direktiv.

Dette inneber at du som kunde har rett til å få vite kva for informasjon om deg som blir lagra, korleis han blir brukt, og korleis du kan få denne sletta.

I 2018 vart nye personvernreglar innførte i Noreg, som følgje av eit nytt EU-direktiv.

Her finn du både informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar, i tillegg til generelle bruksvilkår for bruk av Ytre Sogn.

BRUKSVILKÅR

Gjeldande vilkår er dei som til ei kvar tid ligg på denne sida. Du finn bruksvilkåra i botnteksten nedst på nettsida.

Med ditt digitale abonnement har du tilgang til alt innhald som blir publisert på vår nettside.

Nye abonnementsprisar blir kunngjorde gjennom annonsar i avisa/nettsida til avisa seinast éin månad før dei trer i kraft. Avisa forbeheld seg retten til å endre prisen på det løpande abonnementet når som helst. Desse vilkåra kan endrast, men ikkje utan varsel på førehand.

Alle prisar er inkl. mva. Ditt abonnement blir forskotsbetalt og fornyast ved neste periode. Abonnementet går til det blir sagt opp.

Ved oppseiing gjeld det ut perioden du har betalt for, men blir ikkje fornya.

Eit digitalt abonnement kan ikkje stoppast mellombels eller overførast til ein annan person i avtalt abonnementsperiode.

Dersom brukarnamn/passord eller tilgangen for øvrig til digitale utgåver/tilgangar blir misbrukt på nokon måte, forbeheld avisa seg retten til å stenge tilgangen til digitale tenester med umiddelbar verknad. Ved misbruk blir det ikkje gitt refusjon.
Oppseiing må skje frå Mi side.

Kopiering: Alle artiklar, fotografi og grafikk m.m. blir stilte til rådvelde for vising/lesing.

Det kan gjerne skrivast ut éin papirkopi til eige personleg bruk. Vidare bruk og framstilling krev skriftleg avtale med avisa.

Verksemder må ikkje skrive ut materiale til bruk for verksemda sine tilsette eller til kommersielt bruk for øvrig.

Dette gjeld òg vidareformidling i elektronisk eller digital form. Det blir vist til opphavsrettslova.

PARTANE

Seljar er:
Namn: Tell Media AS - Ytre Sogn
Adresse: Hans Hygensgate 1, 6993 Høyanger
E-post: [email protected]
Telefon: 57 71 45 90
Org.nr: 979887833
og blir i det følgjande omtala som seljar/seljaren.

Kjøpar er den forbrukaren som gjer bestillinga, og blir i det følgjande omtala som kjøpar/kjøparen.

PERSONVERNVILKÅR

Ytre Sogn lagrar ikkje direkte informasjon om deg, men informasjonen din blir lagra i InfoPress sine abonnementssystem.

Det er Ytre Sogn som er ansvarleg for all behandling av dine personvernopplysningar.

Som brukar av nettsida vår samtykker du til at vi kan bruke denne informasjonen.

Vi sel ikkje informasjonen du legg igjen hos oss vidare.

COOKIES / INFORMASJONSKAPSLAR

Ytre Sogn lagrar cookies - informasjonskapslar - for å kunne kjenne deg att som brukar, slik at du slepp å logge deg inn for kvar gong du besøker oss.

Dei fleste nettlesarar godtar automatisk informasjonskapslar, men du kan vanlegvis endre nettlesarinnstillingane dine til å avvise cookies om du føretrekk det.

Metoden for å slette informasjonskapslar vil avhenge av kva type nettlesar du brukar.

Hjelpefunksjonen til nettlesaren din kan hjelpe deg med å konfigurere nettlesaren din for å hindre informasjonskapslar eller slette eksisterande informasjonskapslar.

Ver merksam på at enkelte funksjonar på nettsida kan vere heilt eller delvis avhengige av at du godtar bruk av informasjonskapslar.

LEVERING

Vara blir rekna som levert så snart kundens betaling er registrert.

KJØPSHISTORIKK

Vi lagrar informasjon om dine kjøp hos oss. Dette blir gjort for at du skal kunne hente ut kvitteringar - som du finn på Mi side - og for at vi skal kunne gi kundeservice dersom det oppstår problem med abonnementet ditt.

ANGRERETT

Angreretten gjeld ikkje for kjøp av enkeltartiklar eller enkeltaviser, og ikkje for digitale tenester der du uttrykkeleg har godteke at tenesta blir starta før utløpet av 14-dagarsfristen og du har erkjent at angreretten fell bort.

MANGEL VED VAREN, RETTAR OG REKLAMASJONSFRIST

Om det finst ein mangel ved vara, må kjøparen innan rimeleg tid etter at han vart oppdaga eller burde ha blitt oppdaga, gi seljaren melding om at han eller ho vil påberope seg mangelen.

Kjøparen har alltid reklamert tidsnok dersom det skjer innan to månader frå mangelen vart oppdaga eller burde ha blitt oppdaga. Reklamasjon kan skje seinast to år etter at kjøparen overtok vara.

Om vara eller delar av han er meint å vare vesentleg lenger enn to år, er reklamasjonsfristen fem år.

Reklamasjon til seljaren bør skje skriftleg.

KONFLIKTLØYSING

Klager rettast til seljaren innan rimeleg tid, jf. punkt 'MANGEL VED VAREN'.

Dersom dette ikkje lukkast, kan kjøparen ta kontakt med Forbrukarrådet for mekling.

DINE DATA

Du kan til ei kvar tid slette all informasjon vi lagrar om deg på Mi side.

I så fall blir all informasjon vi har lagra om deg fjerna frå nettsida vår, og vi vil ikkje ha tilgang til denne informasjonen i ettertid.

Dine Rettar:
Du har rett til å gi eller trekkje tilbake ditt samtykke til behandlinga av personopplysningane dine.

Du har òg rett til å be om tilgang til opplysningane dine, rette feil, slette data eller uttrykkje bekymringar om korleis vi handterer personopplysningane dine.

For å utøve desse rettane eller stille spørsmål om personvern, vennlegast kontakt kundeservice på tlf. 57 71 45 90 eller [email protected].
Dataoppbevaring: Vi oppbevarer personopplysningane dine i samsvar med gjeldande lover og føremålet med innsamlinga. Informasjon om lagringsperiodar er tilgjengeleg ved førespurnad.