Oppgraderer til oransje farevarsel: –⁠ Vurder om reisa er nødvendig

Meteorologisk institutt har oppgradert til oransje farevarsel for snø.


Det lavar ned, og det kjem det til å forsette med ei lita stund til. Meteorologisk institutt har oppgradert frå gult til oransje farevarsel for snø på store delar av vestlandet.

– Vurder om reisa er nødvendig. Rekn med mykje ekstra tid til transport og køyring, står det i varselet på varsom.no.

Varselet varar fram til fredag klokka 16 då faren for dei store snømengdane minkar.