Skytande sprekker og fjernutløst skred. (Foto: sh/regobs.no)

Skredvarsel: –⁠ Legg turen utanom skredområde


Fleire snøskred vart i romjula utløyst av skiløparar i Sør-Norge, og skal du på fjelltur i helga bør du vere forsiktig.

Det er oransje farevarsel for områda både nord og sør for fjorden i Høyanger kommune, som betyr at det er lett å utløse snøskred.

– Kraftig vind frå sørøst vil saman med påfyll av 40-50 cm nysnø danne ferske fokksnøflak i leområder. Desse vil kunne løsne av seg sjølv, særlig i heng som vender mot nordvest. Det vil vere lokale variasjonar på kor vinden tar, står det å lese på varsom.no

Løsneområde
Vaktleiar i snøskredvarslinga fortel at ein bør planlegge turen utanom skredterreng om du skal ut på ski.

– Du kan gjerne reise på tur, men planlegg turen utanom kredterreng. Med skredterreng meiner vi både dei områda kor det er bratt nok til at kred løsnar, altså løsneområde. Men også terrenget under, der kor skreda stoppar opp, fortel Ingrid Skrede, vaktleder i skredvarslinga ved NVE.

Ikkje trygt
I fleire regionar varslast det at skred som løsnar kan bli middels store (såkalla storleik 2-skred).

– Husk at sjølv middels store ksred kan begrave og ta livet av ein person. Sjølv om skredfaren er moderat, er det ikkje trygt. Tidlig på sesongen kan også oppstikkande stein og terrengfeller føre til at små skred er farlige, forklarar Skrede.

Hald deg opptatert på varsom.no.