Hege Lothe
, stortingskandidat for SV i Sogn og Fjordane. (Pressefoto)

Støttar streik for høgare løn


I dag vakna vi til streik etter at UNIO har sagt nei til tilbodet frå KS. Høgare løn er viktig for å sikre at rekruttering og sikre at kvalifiserte folk vil halde fram i jobben.  Ei god løn for lærar, sjukepleiarar og andre med høgare utdanning i den kommunale velferda kan avgjere om unge faktisk vel å utdanne seg til desse yrka.  


Her i Sogn og Fjordane er det 700 elevar ved Halbrend skule og Førde ungdomsskule som ikkje har noko å møte opp til i dag. Det kan kjenst urettferdig at det er dei det skal gå utover at det vert streik. Men denne streiken betyr noko for framtida for oss alle. Det er viktig at dei som er tilsette i den kommunale velferda har eit godt lønsnivå slik at vi sikrar godt kvalifiserte medarbeidarar og ikkje minst sikre nye godt kvalifiserte medarbeidarar inn i framtida.  


Og like viktig: Denne konflikta handlar om at kommunesektoren er underfinansiert og at alle i kommunal sektor fortener høgare løn. 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.