Streiken er over, men lønskampen må halde fram


LO-streiken i april førte til at Næringslivets Hovedorganisasjon måtte gå med på 5,2 % som ramme for lønsoppgjeret.  

Når prisveksten er høgare enn lønsauken, får lønsmottakarar flest dårlegare råd og levekår. Slik var det frå føregåande år. Gjennomsnittleg lønsauke frå 2021 til 2022 var på 4,6 %. Dette kunne ikkje rette opp følgjene av ein prisvekst på 5,8 %. Resultatet var reallønsnedgang på 1,2 % (5,8 % minus 4,6%).

Det blir spanande å sjå om bedriftene og kapitalistane vil auke prisane for å ta tilbake den profitten dei tapte pga. lønstillegget dei måtte gå med på etter streiken i april. Kjenner vi dei rett, så…

Det er ikkje private bedrifter flest og tradisjonelt næringsliv flest som har vore den store prisdrivaren siste åre. Dei høge straumprisane har kanskje vore den aller verste prisdrivaren. Straumprisane påverkar kostnadane med produksjon av eit kva som helst produkt.

Raudt Høyanger vil takke LO for at lønstakar-organisasjonen gjekk til streik for å setje bedriftene sin organisasjonen NHO på plass. Men vi vil også rette eit krav til norske myndigheiter. Prisveksten må haldast nede. Vi har ei prislov som må brukast. Den skal bl.a. ”fremme samfunnsmessig forsvarlig prisutvikling”. Straumprisauken har ikkje vore ”forsvarlig”!

Prislova skal også «hindre utdeling av høyere utbytte enn forsvarlig”. Når ein ser at formuen til dei 400 rikaste i landet har auka med 300 % sidan år 2000, må ein kunne stille spørsmål om lova ikkje kan brukast mot dette. Ein må sjå dette i forhold til at lønsmottakarar flest i same perioden har hatt ei reallønnsutvikling (lønsauke etter prisvekst) på berre 40 %.

Raudt Høyanger registrerer at Unio er fornøgd med kommuneoppgjeret. Oppgjeret skal gje reallønsauke og prioritering av arbeidstakarar med lengst utdanning og ansiennitet. Fagforbundet er også stort sett fornøgde, men vi bit oss merke i at Fagforbundet hadde ”ønsket en enda tydeligere lavtlønnsprofil i kommuneoppgjøret”.

No er jordbruksoppgjeret i gang. Bønder flest og småbrukarar har dårlegare inntekt og levekår enn lønstakarar flest – ikkje minst når ein tek omsyn til arbeidsinnsats og arbeidstidsregulering. Pandemi og ikkje minst når det no også er krig i vår eigen verdsdel, gjer at fleire må innsjå at sjølvforsyningsgraden på mat må aukast.  

Men då treng vi matproduserande bønder og småbrukarar. Og vi treng dei i alle landsdelar – ikkje berre i flatbygdene. Vi treng auke i norsk matproduksjon, vi treng spreidd busetjing og levande bygder og vi treng vedlikehaldne kulturlandskap. Derfor må staten gje bønder og småbrukarar den inntekta dei treng for å gjere dette viktige arbeidet.

Raudt Høyanger-styret v/ Einar Rysjedal