Ordførar Petter Sortland stiller seg bak prioriteringa av ny tunnel mellom Storehaugen og Førde før ny tunnel mellom Bogen og Ytredalen, men seier at «alle» er einige i at tunnelprosjektet utanfor Vadheim er det neste i køen.

Ordføraren støttar forslag om vegutbetring

Ordførar Petter Sortland karakteriserer idéen om å bruke fyllmasse frå utbetring av Bogstunnelen til å gjere køyrefelt og vegskuldre mellom Vadheim og Lavik breiare som eit lite kinderegg.


– Eg meiner det er eit fantastisk godt innspel som har kome først frå Kjell Bjørkhaug, og som så har blitt følgt opp av andre, om å nytte denne massen til å utbetre E39 einskilde stadar utover mot Lavik. Dette er noko eg støttar 100 prosent, og som eg skal gjere mitt for å få realisert om det let seg gjennomføre gjennom kontakt med Statens Vegvesen.

Som tidlegare nemnt i Ytre Sogn har Statens Vegvesen alt vore i kontakt med Høyanger kommune for å sondere moglegheitene for at masse frå tunnelutbetring kan nyttast lokalt. Responsen frå kommunen var at denne kanskje kunne nyttast til å etablere ein ny molo i Vadheim. 

– Dette var nok mest meint som eit innspel til ein mogleg bruk, men eg tvilar sterkt på det vil bli nokon kamp om massane her. Det finst masse frå andre prosjekt som eventuelt kan nyttast til ein ny molo, så om vegvesenet finn ut at dei heller kan nyttast til ei oppgradering av E39 er det noko vi absolutt vil stille oss bak. Vi i kommunen høyrer jo og om lastebilane som veltar og køyrer ut i grøfta langs denne vegen, så dette er ei reell problemstilling som det så absolutt bør sjåast på og gjerast noko med.