13 av dei som byrja på skule i Høyanger i 1952 er samla til treretters middag på Øren Hotel laurdag kveld. Då har dei hatt eit tett program i to dagar.

Klassetreff med høgare og høgare frekvens

Dei byrja på skule saman i Høyanger i 1952, og samla seg til det første klassetreffet 30 år etter i 1982. No synes dei klassetreffa er så kjekke at det blir berre oftare og oftare.


Når Ytre Sogn kjem for å ta ein prat med dei treffglade pensjonistane frå Høyanger, er dei godt i gong med ein omvising i Vadheim sentrum, med den lokale kjendmannen og trubaduren Arthur Hovland.

Det er no 70 år sidan dei byrja på skule i lag i Høyanger, og denne helga samlast 13 av dei til klassetreff. Men det held ikkje med ein enkel middag for denne gjengen, dei har to dagar med tett program og det er lite å rekne.

– Førre gang var vi samla nesten ei veke, fortel Alvhild Gudvangen, etter at dei 11 som var med til Vadheim på fredag har samla seg til lunsj på Malena kafe.

Reist langt
Nokre hoppa av omvisinga litt før tida, det vart litt mykje gåing for nokre av dei 77 år gamle beina, men ikkje verre enn at det allereie til lunsjtider er bestilt ei pils til bordet.

Tre av dei som er med, Alvhild Gudvangen, Britt Mundal og Turid Hellem Dale, bur framleis i Høyanger, men alle dei andre har reist eins ærend til Høyanger for å treffe dei gamle klassekameratane igjen.

Nokre har reist heilt frå Kristiansand og Oslo, for dette vil dei ikkje gå glipp av.

Nokre har reist langt for å få delta på klassetreffet, nokre heilt frå Kristiansand og andre frå Oslo. Her sit Åge Årdal, Terje Behringer, Sverre Ramsøy, Ingrid Ormberg og Turid Hellem Dale, der kun sistnemnte framleis bur i Høyanger.
Har blitt mykje

– Vi starta i 1982, då det var 30 år sidan vi byrja i 1. klasse. Dei første gongane gjekk det ti år mellom treffa, men etter 2002 har det blitt mykje, fortel Jarle Valsvik.

Dei spreke klassevenene fortel nemleg at desse treffa var noko alle sette så stor pris på, at dei gjekk over til å ha det kvart femte år. Men det gjekk ikkje så mange treffa før det heller ikkje var ofte nok.

– Dei siste åra har vi hatt treff kvart tredje år. Vi er vi blitt så gamle at vi er byrja å bli redd for at vi skal døy før neste samling, seier Valsvik med ein galgenhumoristisk tone.

Tett program
Men treffet denne helga er i aller høgaste grad vitalt og levande. Etter omvising i Vadheim og lunsj, går turen nokre få meter til Kvernafossen bryggeri for ølsmaking. Seinare er det samling på Eldresenteret i Høyanger med mat, før ein har endå meir planlagt til laurdagen.

– Vi likar å gjere noko skikkelig ut av det, seier pensjonistane under lunsjen.

Dei byrjar å mimre om tidligare samlingar, omvising på sørsida frå den eine enden til den andre, middagar og utflukter. Dei slår verkeleg på stortromma når dei først samlast, ofte har dei samla seg ei heil veke til ende.

Klassetreffet denne gongen starta med ei omvising i Vadheim av den lokale kjendmannen og trubaduren Arthur Hovland, som hadde flust av historiar frå gamalt av, og svarte velvillig på spørsmål.
Finne anledningar

– Når skal de samlast neste gang no, då?

– Ja, det blir jo då om tre år.

– Nei, det må bli om to år, kjem det kjapt frå eit anna bord, medan ein tredjemann føreslår at ein kanskje må feire når det er 70 år sidan ein gjekk ut av førsteklasse også, og slik kunne samlast igjen allereie til våren.

– Det er viktig å finne nokre gode anledningar, seier Terje Behringer, som har reist frå Oslo for å vere med.

«Heilt topp!»
På søndag ettermiddag tek Ytre Sogn kontakt med Alvhild Gudvangen igjen, for å høyre korleis helga har gått.

– Det har vore heilt topp, vi har hatt to fantastiske dagar, det var vi alle einige om i går kveld, sånn litt seint uti middagen, fortel Gudvangen.

Etter to dagar med tett program, heldt dei det likevel gåande til midnatt den siste kvelden, men ifølgje Gudvangen var det meir fordi staden dei hadde middagen stengde då.

Ho fortel at dei laurdagen besøkte både industristadmuseet og Gunnar S.-galleriet i Høyanger sentrum, før dei fekk omvising på kraftstasjonen i dalen.

Britt Mundal og Alvhild Gudvangen under lunsjen på Malena kafe i Vadheim. Begge fortel at klassetreffa er noko alle synes er så kjekt, at det blir berre oftare og oftare dess eldre dei blir, no er dei oppe i samlingar kvart tredje år.
Ny samling

Kvelden før har det blitt snakk om at møtefrekvensen skal bli endå høgare.

– No var det snakk om at vi skal få til noko om eit år eller to, og at denne gongen blir det oss som bur att i Høyanger som skal ut og reise.

– Kva anledning skal de feira då?

– Eg veit ikkje heilt, vi treng vel ikkje noko spesiell anledning, det viktigaste er eigentleg berre at vi får samla oss!