Støre-regjeringa må ta straumen av børs


Norsk elektrisk kraft blir i dag selt på den europeiske Nordpool-børsen som for det meste eigd av utlendingar.

Norsk kraft har blitt ein del av denne marknaden gjennom utanlandskablane. Den dyrast produserte krafta i denne Nordpool-marknaden, set då ein heilt anna pris på norsk kraft som det kostar berre rundt 12 øre pr. kWh å produsere.

Presidenten i EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen, har kalla dette for dysfunksjonelt («ikkje-fungerande). Det kan tyde på at det kan utvikle seg eit handlingsrom i EØS-avtalen som også regulerer eksport og import av straum. 

Noreg ved Støre-regjeringa må ta den norske krafta ut av Nordpool-børsen og la Statkraft, fylkeskommunale og kommunale kraftselskap setje prisen slik det blei gjort før energilova av 1990.  

Det går fint å setje ein pris noko over 12 øre pr. kWh som dermed gjev kraftselskapa eit vist overskot som kan reinvesterast i oppgradering av vasskraft og utbygging av solkraft, samt i energiøkonomisering. 

Samstundes må vi ta omsyn til natur, økosystem og artsmangfald ved berre oppgradering av eksisterande vasskraftverk, på satsing på passande solenergi og på energieffektivisering i stor stil. Det er ikkje nødvendig med naturøydeleggjande vindkraft eller atomkraft for å dekke framtida sitt energibeov. Dersom likevel blir knapt må vi nedprioritere kraft til produksjon av kryptovaluta og til store datasenter med få arbeidsplassar.  

Eksport gjennom utanlandskablane til Danmark, Tyskland, Nederland og England må reforhandlast kabel for kabel slik avtalane også opnar for. Noreg bidreg så mykje til Europa si energiforsyning med gass- og oljeeksport at den marginale  delen frå vasskraft bør det kunne gå an å forhandle om. Målet må vere at vi berre eksporterer når det er eit klart overskot i den norske marknaden. Norsk næringsliv og norske hushald treng ei slik reform som skissert ovanfor for å kunne konkurrere og unngå fattigdom.

Einar Rysjedal
For medlemsmøtet i Raudt Høyanger