I dag kjem Hydro og Eviny på kommune­styre­møtet - og du kan straume det live på Ytre Sogn

Framover vil du i tillegg til å strømme kommunestyremøta på Facebook, også kunne sjå straumen på Ytre Sogn sine nettsider. Kommunestyremøtet torsdag 16. februar blir det første du kan sjå direkte på ytresogn.no.


Høyanger kommune har sidan 2021 direktesendt kommunestyremøta sine på Facebook, og det er høyangerverksemda ArtSys som produserer sendingane på oppdrag frå kommunen. Bakgrunnen for sendingane er å  styrke lokaldemokratiet og gjere dei lokalpolitiske diskusjonane og vedtaka meir tilgjengelege for innbyggjarane.

– Slik vi ser det er det ein vinn-vinn-vinn situasjon at desse sendingane no og blir tilgjengelege på ytresogn.no. Vi får meir relevant innhald på vår plattform, kommunen når breiare ut, og ArtSys får forhåpentlegvis fleire sjåarar på sendingane sine.

Det fortel dagleg leiar i Tell Media, Stig Hovlandsdal Øvreås.

Ope for alle
Kommunestyresendingane har vore opne for alle sidan starten, noko dei også vil vere på ytresogn.no.

– Tanken bak desse sendingane frå kommunen si side er å gjere dei lokalpolitiske prosessane meir opne og tilgjengelege, og når vi no får lov til å også ha dei som del av innhaldet på vår nettavis er det sjølvsagt ei målsetting vi stiller oss bak.

Kommunestyremøtet i dag blir det første du kan strøyme gjennom Ytre Sogn sine nettsider, og det er eit kommunestyremøte det har vore mykje snakk om lenge. Hydro og Eviny kjem for å greie ut som planane sine for Snøheia for lokalpolitikarane, og møtet startar klokka 10.00.