Oransje nivå, er det nest høgaste nivået, (grønt, gult, oransje, raudt), og konsekvensane kan vere omfattande overfløyming, erosjonsskader og flaumskader.
Det kan også føre til stengde vegar og bruer, men så langt har Vegtrafikksentralen berre motteke meldingar om mindre hendingar.
På varsel.no skriv dei også at dei ventar å nedgradere til gult nivå i løpet av fredag, då det er venta å komme mindre regn enn dei første meldingane skulle tilsei.