Då julegrantenninga med korpsmusikk og nissebesøk var over utanfor Joker-butikken, strøymde folk ned på skulen til Kyrkjebø sin første julemarknad. Det var ekstra kjekt å registrere fleire besøkande frå Høyanger tettstad. Leiar for Kyrkjebømarknaden, Jan Erik Dregelid, var godt nøgd og opplyste at det var 16 utstillarar og svært god respons i bygda.
Stort mangfald og kreativitet
Julemessa gav eit godt bilete på dei mange kreative og dyktige folka som bur på Kyrkjebø. Her kunne ein få kjøpe alt frå strikketøy til lefser, kaker, kunst, scrap-kort, dørkransar, saueskinn, trearbeid, hårprodukt, vaskemiddel og bruktsal av vesker. Det var og laga til juleverkstad i biblioteket der det var mest born som laga juledekorasjonar. Og i kaféen selde Kyrkjebø Sanitetslag kaffi og kaker.
Ragnhild Strand hadde med mykje flott strikkearbeid.
– Eg visste ikkje at du var så flink til å strikke, Ragnhild?
– Nei, ikkje eg heller før eg begynte, og då var det gjort. Mor mi var veldig flink og strikka mykje, så eg må ha hatt eit godt gøymt talent som no har komme til overflata.
Nora Høyvik hadde rydda i veskesamlinga si og selde brukte vesker til inntekt for Kyrkjebø skule- og ungdomskorps.
Sonja Aasen Årdal hadde med seg praktfulle skinn av spelsau. No skal dei slutte med sau på garden, så dette var siste sjanse til å sikre seg eitt av dei flotte skinna.
Variert sal
Med mange ulike produkt, er det naturleg at salet varierte. Nokon med litt dyre produkt, fekk ikkje selt så mykje som dei som hadde meir julerelaterte produkt. Den som vart først utselt var Janne Elin Osland med sine vakre julekransar.
– Eg likar å lage noko av det eg finn i naturen og pyntar gjerne opp på Larsgarden Tunhotell med sjølvlaga dekorasjonar. Dei ti dørkransane eg hadde med i dag har eg jobba med på kveldstid siste veka. Det er veldig moro at det blei så stor rift om dei. Denne marknaden er eit veldig flott tiltak som eg håpar vil gjenta seg.
Om ikkje alle fekk selt like mykje, var dette eit fint høve til å vise kva ein har. Det folk har sett, kan dei finne ut at dei vil ha ein gong seinare.
Julerelatert
Dei som hadde julerelaterte produkt, hadde god omsetnad. Lefsene til Eva Aardal gjekk unna og det same gjorde kakene til Susanne Ramsli Nygjerde. Elisabeth Aaland hadde mellom anna strikka julepynt og tova vottar. Det var temmeleg lite att på bordet då marknaden var over.
Elea Gangeskar Vaag hadde laga mange flotte scrap-kort, men syns ikkje det hadde gått så veldig godt. Ho tek gjerne imot bestilling viss nokon ønskjer personlege kort. Julekorta hennar hadde derimot gått unna og er endå eit eksempel på at det var jula publikum hadde i tankane. Dette såg vi vidare på standen til Eva Aardal. Ho selde utskorne juletre med innlagde lys som sonen, Svein Olav, har laga. Av 14 tre hadde ho att berre eitt og lefsene var ho og nesten tom for.
Honning var eit anna produkt det var lett å selje. Runar Matsui-Li sa at dette var den beste julemarknaden han hadde vore med på, og han har vore på mange dei siste åra.
At Kyrkjebømarknaden er kommen for å bli, er det liten tvil om. Dette var noko alle ville vere med på vidare.