– Det er så utruleg kjekt og over all forventning at det kjem så mange folk innom på julemessa som vi har laga til her i dag, seier Marianne Haugland Norevik på Høyanger dagsenter til Ytre Sogn.
Ho legg til at bakgrunnen for messa er at dei ønsker å få vist fram kva dei held på med på Høyanger dagsenter, og gjerne få selt nokre av dei fine tinga som brukarane ved dagsenteret har laga. – Her finn ein blant anna kjempefine strikka genserar, sokkar, luer, tova sitteunderlag, tepper, puter, nissar og juletre laga av trebitar som vi har beisa. Dei har vi fått god hjelp av vaktmeisteren til å lage. – Vi begynte med julemesse i fjor der vi kopla oss opp på det som vart arrangert på Høyanger samfunnshus i samband med julegateopninga. Det passa dessverre ikkje for oss denne gongen, og derfor valde vi å lage til vår eiga julemesse her på dagsenteret. Og med det fantastiske oppmøte som vi har hatt her i dag så trur eg at vi kjem til å satse på å gjere dette til ein fast tradisjon her, seier ho og ler.Sosial arena
Ifølgje Haugland Norevik har dagsenteret 12 faste plassar der nokre av brukarane er der kvar dag, medan andre gjerne er der to eller tre dagar. – Om det er dagar vi har ledige plassar kan andre frå sjukeheimen komme hit, slik at vi kan involvere fleire. På dagsenteret har vi mange kreative sjeler, så her held vi på med mange forskjellege ting. I tillegg til mykje handarbeid har vi blant anna bingo, dagleg trim, turgåing og sosialt samvær. Sistnemnde er nok også noko av det viktigaste, forklarar ho. Ho legg til at ein ikkje treng å vere god i handarbeid for å vere på dagsenteret. – Dette er ein sosial arena for dei brukarane som ikkje held på med noko spesielt, men berre ønsker å ha ein fast plass å gå. Det er svært viktig, fordi einsemd er noko som tek mange. Vi har også felles middag kvar dag for alle som har plass på dagsenteret, noko som er veldig viktig med tanke på ernæring. To av dagane er middagen dei får laga av dei på sentralkjøkenet her. Den ferdiglaga maten kjem direkte frå kjøkenet og da kan brukarane forsyne seg sjølv og ete så mykje dei orkar.Ein flott samlingsplass
Rundt eit rundt bord finn underteikna fleire av dei kreative sjelene som har bidrege med mykje fint handarbeid til denne dagen.