Ei nystarta songgruppe på sørsida song «Tenn lys» då alle lysa var tent under opninga av den nyrestaurerte rasteplassen på Søreide. (Alle foto: Privat)

Stemningsfull vinterlystenning på Søreide

At folk på sørsida er både idérike og fulle av pågangsmot er allereie godt kjent. No har dei komme opp med noko heilt nytt – vinterlystenning.


Dagen etter det store snøfallet natt til laurdag, letta det og sola skein på eit kvitkledd landskap. Betre kulissar kunne det ikkje bli for arrangementet på Søreide.

Ein idé vart til

Marte Søreide og Mona Steinsvik, som jobbar saman ved Osland Settefisk sitt anlegg på Sørebø, kom i haust til å snakke om den overgrodde rasteplassen på Søreide. Denne meinte dei det burde gjerast noko med. Dei tok kontakt med fylkeskommunen og Mesta som har hatt ansvaret for rasteplassen og la fram planane om ein dugnad. Dei fekk positiv respons frå øvrigheita og sette i gang. Tre og busker vart fjerna og gravemaskin kom og la på mold og singel. Svære betongelement vart flytta og ein stor sandkasse kom på plass. I tillegg har dei fått tre nye benkar. 

At Mesta har gått inn med maskinell hjelp og økonomisk støtte har vore avgjerande for at dette let seg gjennomføre. I tillegg har BUA Høyanger bidrege med bålpanner og etter søknad fekk dei 7500 kroner frå LivOgLyst Sørsida. Dei har kjøpt inn rekvisittar og rydda området. 

– Mona Steinsvik er veldig flink med planter og alt som gror, fortel Marte Søreide. Vi har difor planta laukar til vårblomar. No ser vi fram til å sjå det spire og gro og vil prøve oss med andre vekster og, som stauder og grønsaker.

Fire år gamle Tiril stod for tenninga av både reinsdyret og treet laurdag ettermiddag. Her står ho mellom idéskaparane Mona Steinsvik og mora Marte Søreide.

Noko heilt nytt

Alt dette starta for berre 6 veker sidan, og tanken vart utvida til å lage eit arrangement rundt det å tenne lys i det eine store treet. Sidan det er julegrantenning ved Joker Bjordal første helga i advent, ville dei ikkje konkurrere med dei. Dei valde difor å kalle det vinterlystenning og legge det til helga før advent. At det skulle bli både marknad og anna moro er eit resultat av at alle dei snakka med sa ja til å vere med. 

Programmet starta på rasteplassen der fire år gamle Tiril, dottera til Marte Søreide, tente lysa til stor jubel frå dei frammøtte. Ei nystarta songgruppe med både små og store deltakarar, song «Tenn lys» medan det vart fyr i bålpanna.

– Vi håpa at det ville komme mellom 50 og 100 menneske, men trur det kom nærare 120. I blåtimen vart lystenninga til ei magisk stund som framleis gir meg gåsehud, smiler Marte.

Ny tradisjon

Då seremonien på rasteplassen var over, gjekk alle til Sørsida Sag sin nye hall. Denne har Sveinung Leirnes sett opp med tanke på garderobar og lager. Sidan hallen ikkje er heilt ferdig enno, var den tom og kunne ta imot både utstillarar, lykkehjulentusiastar og dei som serverte mat. 

– Det var kjempestemning og alle fekk sitte, trur eg, fortel Marte. Vi har folk frå ulike nasjonalitetar her på sørsida, og dei eksotiske smakane på middagsrettane var veldig spennande. Elles var det mykje fint og godt å få kjøpt, frå broderi, honning, flatbrød og anna mat. Eg trur faktisk det meste blei selt. 

Sjefane for lykkehjulet var Terje Søreide og Kjetil Rørtveit. Dei hadde pynta seg i høve oppdraget og hadde 25 premiar å dele ut. Her var det alt frå røykelaks, hjortekjøt, luer, T-skjorter og refleksar. Alt levert av lokale firma. 

– Ser du for deg at de har starta ein ny tradisjon på Søreide?

– Det er eg litt usikker på. Men vi får sjå kva som skjer gjennom året som kjem. At det kom folk frå alle grendene på sørsida gledde oss stort. Dette var jo meint som eit arrangement for alle, og i år klaffa det på alle punkt, avrunda Marte Søreide.

Bildeserie