Fin førjulsstemning på Nessane

Med pynta lokale og KUL-koret på besøk vart det ein stemningsfull og hyggeleg kor-kafé i regi av Nesse Grendelag søndag kveld.


Sjølv om vêret utanfor var både hustrig og vått vart førjulsstemninga inne i lokala på Nesse Oppvekstsenter, eller sambrukshuset som det og vert kalla, både varm og god.

– Det har gått med nokre timar for å få alt på plass til denne kvelden. Vi har dekka på bord til om lag 100 personar, så vi håpar at mange tek turen hit i kveld, seier Anders Tennefoss. Han sit saman med Ingun Merete Sande, Randi Sande, Gunn Linde og Sander Bakke Nesse i styret til Nesse Grendelag.

– Vi er begge veldig glade i jula. Og tykkjer det er koseleg å vere her og høyre julemusikk og få litt julestemning, seier Hedda Kleiven (f.v) og Silje Sande Grønsberg med dottera Astrid (1).

Mange gode hjelparar

Tennefoss legg til at ein på kor-kafèen denne første søndagen i advent kunne få kjøpt både kaffi, brus og gløgg, og velje mellom eit utval av gode kaker.

– Det har vore mange dugnadsfolk i sving som har baka til dette arrangementet, så vi stiller med eit velfylt kakebord med mange gode kaker.

I tillegg til kaffi, brus og gløgg var kakebordet fylt opp med mange ulike kaker.

Glad i jula

Tre av dei som var til stades på Nesse Oppvekstsenter denne kvelden var Hedda Kleiven og Silje Sande Grønsberg, som hadde med seg dottera Astrid på 1 år.

– Kvifor har dere teke turen hit i kveld?

– Vi er frå Nessane og har begge ei mor som er med og syng i KUL-koret. Og så tykkjer vi det er veldig koseleg å vere her og høyre julemusikk og få litt julestemning. Vi er veldig glade i jula, så det å delta på ulike arrangement i førjulstida er noko vi har gjort heilt frå vi var små, fortel dei.

På spørsmål om dei har andre juletradisjonar, svarar dei;

– Eg og ei venninne har hatt ein fast tradisjon i nokre år der vi møtast ein gong i løpet av desember og bakar serinakaker. Det er utruleg hyggeleg og sosialt, og så smakar det veldig godt, fortel Hedda og ler.

– Vi har planar om å bake og pynte peparkakehus saman med vesle Astrid neste helg, seier Silje med eit smil.

Blant dei frammøtte som var til stades på kor-kaféen var og 83 år gamle Erling Berge frå Kyrkjebø, som i si tid var med å starte opp koret i heimbygda.

– Det gler meg å sjå at KUL-koret held stand og har så mange medlemmar. Og dei let så flott!

Mange lovord frå 83 år gamle Erling Berge frå Kyrkjebø, som var med å starte Kyrkjebø Ungdomslags songkor i 1977.

Stemningsfull songkveld

Med korgjestane vel på plass på podiet var det berre å sette seg tilbake å nyte vakker toneklang og julesongar som fylte rommet. Her var songar som mellom anna «Det lyser i stille grender», «Gled deg du jord» og «Glade Jol».

– Tusen takk for invitasjonen hit til den austre delen av kommunen vår, der også nokre av songarane som er med i KUL-koret kjem ifrå.

I dag har koret medlemmar frå alle bygdene i Høyanger kommune, og det er utruleg kjekt. Det er også ekstra stas å ta turen hit til Nessane for fyrste gong for å syngje for- og med dei som er her i kveld, fortalde leiar Sissel Tove Litzheim publikum.

Ho la til at koret denne gongen kom utan sin faste dirigent Sjoerd Tolsma.

– Men vi er så heldige å ha ein super reserve i Sonja Aasen Årdal, som er med oss her i dag.

I tillegg til KUL-koret si framføring var det også ein musikalsk kveld der allsongen stod høgt, og publikum let seg ikkje be to gonger. Dei stemde i saman med koret på kjende kjære julesongar som «Musevisa», «Å jul med di glede» og «Fager er jordi», for å nemne nokre.

– Det er utruleg hyggeleg å invitere til kor-kafé her på Nessane denne fyrste søndagen i advent, seier styret i Nesse Grendelag. Frå venstre: Ingun Merete Sande, Randi Sande, Anders Tennefoss og Gunn Linde. Sander Bakke Nesse var ikkje til stades da bildet vart tatt.

Mykje aktivitet

Ifølge styret i grendelaget er det mykje aktivitet i sambrukshuset på Nessane, også når det ikkje er kor-kafé der.

– Her er det ulike arrangement som blant anna juletrefest og bingo, og trim og linedance kvar veke. Nesse Skyttarlag har og eit flott skyteanlegg i kjellaren der dei har samling to gonger i veka, ei for dei unge, og ei for dei vaksne skyttarane.