I vår samla innbyggjarar på Kyrkjebø seg for litt idémyldring i regi av LivOGLyst-forprosjektet i bygda, og ut av den seansen kom det fleire gode idéar og prosjekt.
Eitt av dei var etablering av ein fjordsti med ein ytre del i nærleiken av idrettsbana og ein indre del mellom Vikane og Legene, og no har ein dugnadsgjeng beståande av Maria Gerd Borlaug, Knut Henning Litzheim, Finn Trædal og Karl Magnus Gudvangen vore i full sving med å få stien farbar. – Denne veka har vi laga til to bruer på stien, så no skal det vere lettare å komme seg fram, seier Gudvangen til Ytre Sogn. Med dei nye stibitane på plass vil ein no kunne gå turar på mange kilometer utan å «gå tom» for fine fjordnære stiar og vegar å gå på i bygda, men grunna eit par hyttetomter går ikkje den nye fjordstien langsmed fjorden absolutt heile vegen. Den held seg og unna dyrka mark, men stort sett så blir det fjordutsikt på dei spaserande og spankulerande som vel å nytte seg av det nye turtilbodet. – Vi har søkt om midlar i LivOGLyst-prosjektet neste år til å få på plass to benkar på eit par utsiktsplassar i tillegg til ei sittegruppe. Det er eit par punkt langsmed denne stien som har veldig fin utsikt både innover og utover fjorden der det kan vere veldig fint å ta ein pust i bakken. Det skal også lagast ei grind i Vikane og eit par trapper som skal gjere det lettare å kome seg over ein mur.