– Eg ser de har vekse til, seier Per Valland og ler medan han omfamnar Ivan Arancibia, Carlos Silva og Ernesto Munoz etter tur.
Laurdag kveld var det gjensynstreff på Høyanger Hotell, 30 år etter at dei tre – som del av ei større gruppe chilenske flyktningar kom til Hauglandssenteret i Fjaler. Per Valland var den som tok i mot dei. – Nokre av dei har eg ikkje sett sidan den gong. Difor sa eg med ein gong ja då eg fekk invitasjonen til å komme på 30 års-treffet. Eg har jo vore spent på å høyre korleis det har gått med dei i åra som har gått. Og ut ifrå dei eg har snakka med så langt, virkar dei å ha det bra. Det er kjekt å høyre. Mange av dei har jo også blitt verande, og har fått både barn og barnebarn, seier Per Valland, etter å ha helsa på dei tre gamle kjenningane. – Eg ser at de har vakse til, og ikkje berre i alder, seier han og gir dei venskapelege klapp på magen. Dei svarar med å gjere det same med han. – Om ikkje anna, viser det at vi lever godt, seier Valland og ler hjarteleg saman med dei. Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!