Dei fire faste medarbeidarane på Joker Kyrkjebø kunne torsdag 20. mars 2025 feire 40 års drift i butikken på Haaland. Frå venstre Atle Ljotebø, Grethe Haaland, Bjørg Marie Ljotebø og Cecilie Ljotebø.

Joker Kyrkjebø –⁠ ein optimistisk 40-årsjubilant

Torsdag 20. mars 1985 opna Atle Ljotebø dørene til nye-butikken på Haaland. Med ei bygd i vekst, var det behov for ein ny og større butikk. 40 år etter var det full feiring i kafé-delen med kaffi og kaker til alle som kom innom.


Joker Kyrkjebø vart kåra til «Årets høyangring» i 2023. Eit godt bevis på at butikken er og har vore ein viktig samlingsstad for folk på Kyrkjebø. 

Jubel og glede

Vi kom til butikken torsdag føremiddag, var det god stemning ved alle bord. Nytrekt kaffi og fleire sortar kake vart servert og karane ved det runde bord var i storform. Dei helsa jubilanten høglydt og kunne opplyse at ein i gjengen hadde fått nye tenner i høve dagen. 

Også damene på naboborda var i godt humør og feira meir enn gjerne det viktige samlingspunktet i bygda. 

– Butikken betyr eigentleg alt, sa Aud Ljotebø, som gjerne tek turen innom sjølv om ho ikkje skal handle. 

Også arbeidsfolk frå Fureli Maskin kom innom i lunsjpausen, og tykkjer det er kjekt å ha ein triveleg stad å slå seg ned. 

Atle Ljotebø var eigar og drivar av butikken då den var ny i 1985. I 2011 overtok dottera Cecilie Ljotebø drifta. Dei pussa opp butikken i 2023 og begge ser lyst på framtida.

Gamlebutikken

Frå han var ung, har Atle Ljotebø jobba i butikk. Han starta som butikkdreng hjå Harald Kyrkjebø Eft. som låg på nedsida av kyrkja, eit bygg som seinare vart kyrkjelydshus. Her var det god gammaldags krambu der all handel gjekk over disk, og Atle lærte seg å summere lange priskolonnar i hovudet. Han reiste i militæret og kom heim i januar 1965. Planen var å få seg jobb på Tronvik, for der var det lett å få jobb. 

– Dei tok jo inn kven som helst på den tida, ler Atle. 

Men livet ville det ikkje slik. Harald Kyrkjebø vart sjuk og trengte hjelp i butikken. Dermed var det naturleg å ty til Atle som hadde erfaring frå butikkdrifta. Dottera, Svanhild Kleiven, overtok etter faren, men etter fem år der Atle hadde fått meir og meir ansvar, ba ho han om å overta heilt. 

– Då måtte eg inn til lensmann Skjerven å få handelsbrev for å kunne drive sjølv. Og så overtok eg i 1971.

Ved opninga 20. mars 1985 var frå venstre desse tilsette: Margit Hellem, Gerd Kyrkjebø, Snefrid Austrheim, Karin Koldingsnes, Gunda Tvedt og Atle Ljotebø.

Svanhild hadde modernisert lokalet med meir sjølvplukk, men det var til tider svært trongt, særleg før høgtidsdagar og når det var helgehandel. 

– Det var ei travel tid der vi køyrde ut varer til folk både ein og to gonger i veka, for ikkje alle hadde eigen bil den gong. Varebilen var stappa full og eg hadde turar heilt til Øvre Berge. Ein periode selde me kraftôr som vart levert på gardane med lastebil. 

– Ja, og så hadde me litt kiosk-sal på Tronvik. Då plukka eg med meg tobakk og sjokolade i ei øskje og hadde med til bebuarane der ute. Det var jo berre kontantsal den gong, minnast Atle. 

– Alt dette hugsar eg og, skyt Cecilie inn, som den gong var ei lita jente og tidleg fekk lære kva det vil seie å vere kjøpmannsdotter. 

Etter kvart som det vart lagt ut byggefelt både på Tronvik og Haaland, auka folketalet raskt og den vesle butikken på Kyrkjebø vart for liten. 

To dagar før opninga i 1985, kom det trailerar med varer til den nybygde, men enno umåla butikken.

Ny butikk

Med tilgjengeleg tomteareal på Haaland, der det tidlegare hadde vore gartneri, vart draumen om eit stort og moderne forretningsbygg ein realitet i 1985. Her vart det daglegvarer etter dåtidas modell med kjølediskar og alt lett tilgjengeleg for kundane. Ferskvaredisken var svært populær der ein kunne få seg nygrilla kylling og grillbein til helga. Med to kassar kom kundane raskt gjennom betalingssystemet. 

– Kvar morgon måtte eg opne opp priskodane i dei elektriske kassane. Det var ikkje datastyrt som i dag, men vi hadde nokre kodar på enkelte varer og desse måtte aktiverast kvar morgon.

Alt var mykje meir arbeidskrevjande den gong, der alle varene hadde prislapp. Gulosten kom i store blokker som vart oppdelt i butikken, pakka i plast og prisa, for ikkje å snakke om kjøt i lausvekt og middagspølse i metervis. 

I starten var det fire faste damer i staben saman med Atle sjølv, og både Gunda Tvedt og Margit Hellem fekk 25-årsmedalje for lang og tru teneste. I dag er staben redusert til tre damer, pluss Atle, som no titulerer seg som vaktmeister. 

– Sidan du ikkje er så glad i å ta datakurs, så passar det vel best å kalle seg vaktmeister, ler Cecilie, som overtok som dagleg leiar i 2011. 

Atle er likevel å sjå dagleg i butikken som ein alt-mogeleg-mann. Handelsmannen i han sit djupt og han uttrykkjer at søndagane er fæle dagar. 

– Du er no her inne og vaskar golvet kvar søndag, så du har no litt å drive på med, kjem det frå arvtakaren. 

Han hadde sett seg føre å bli pensjonist når han fylte 82, og den dagen er faretruande nær. Difor har han sine tvil om at det blir aktuelt, for han har sine faste oppgåver. 

– Eg må jo byte ute alle tilbodsplakatane på søndag, før det kjem nye tilbod på tysdag. 

Gunda Tvedt var fast tilsett i butikken då den opna, og fekk etter 25 år medalje for lang og tru teneste. Ho kom innom for å gratulere den gamle arbeidsgjevaren sin.

Alle kjenner Atle

Kan du minnast noko spesielt frå den første tida som handelsmann?

– Ja, det må vere ein spesiell vinterdag på Indre Austreim. Eg hadde kjøpt meg heilt ny bil og henta den same dagen som New Jordal Swingers var utsett for ei rasulukke i Naustdal 18. februar 1982. Sjølv om eg hadde piggdekk, kom eg meg berre så vidt opp bakken til Audhild Dale. Etter at eg hadde levert varene til henne, tok eg ut øskja til Margit Dale som budde litt lengre oppe. Då byrja bilen å skli på isen og eg heiv meg fram og drog bilen til sides slik at den fekk feste i nokre sandkorn. Med hol på bukseknea bar eg varene opp til Margit og gjorde mi plikt. Men den dagen var eg verkeleg sliten.

Du har sikkert vore ute på mangt slags føre, men eg reknar med kundane blei glade når du kom?

– Ja, det er både sikkert og visst. Det har vore mange gode smil og mang ein hyggeleg prat på kjøkkena rundt om i bygda, seier Atle med glimt i auga.

Gjennom åra har det vore fleire namneendringar på butikken. Under opninga i 1985 var det offisielle namnet Atles Daglegvarer og Kafé, som på folkemunne vart til «Atlen» eller «Atles». Butikken har vore knytt til ulike kjøpsmannsgrupper som Plussmarked, K-kjøpmann og FM marked. 

I nyare tid har dei vore underlagt NorgesGruppen og var ein periode Joker før dei gjekk over til Spar, for så å bli Joker igjen.  

– Då vi var Spar var det krav om å ha ferskvaredisk, men Mattilsynet sette høge krav til slik drift. Dermed valde vi å gå tilbake til Joker. 

Det har ikkje vore lett å følgje med på alle namneendringane. Men dagens namn står i alle fall sterkt hjå bygdefolket, både som Joker Kyrkjebø, Jokeren og Atlen. 

Det var berre smil og glede ved det runde bord denne dagen. Frå venstre Ledvin Nessestrand, Jan Haaheim, Gunnar Finseth, Magne Sagerøy, Sverre Haaland, Asbjørn Grande og jubilanten sjølv, Atle Ljotebø.

6.	Også damene i bygda har sitt bord. Her er det frå venstre Helga Dåvøy, Helga Solfrid Øvstetun og Aud Ljotebø som feirar jubilanten.

Framtida

Cecilie Ljotebø er yngste dotter til Atle Ljotebø og kona Lilly. Det vart etter kvart naturleg at ho byrja jobbe i butikken, først på deltid for så å overta som dagleg leiar etter at dei vart eit aksjeselskap i 2011. At også Cecilie si søster, Bjørg Marie, jobbar i butikken, gjer den nesten til eit familieføretak. Grethe Haaland er den fjerde tilsette og kjem frå nabogarden på Haaland, så ho er nesten heime.

Kor lenge har du eigentleg jobba i butikken?

– Heile livet, ler Cecilie, men eg byrja vel for alvor i 14-årsalderen. 

Det er ein heilt annan kvardag å drive butikk i dag enn då faren starta si karriere. Med ei lita datamaskin i lomma kan dei tilsette sjekke når varene kjem. No tek dette fem sekund, og det er dermed lettare å ha oversikt og gje kundane raske svar. Kassane er datastyrte med innlagde prisar kombinert med strekkodar på varene. Men framleis skal varene pakkast ut og settast på plass i hyllene. Med ein stab på berre fire, er det sårbart viss nokon blir sjuke. Ferie er ikkje noko Cecilie og Atle har hatt mykje av siste åra. 

– Eg skulle gjerne hatt litt meir tid til kontorarbeid, slik eg hadde før. No gjer eg det på overtid og i siste liten, fortel Cecilie.

– Du likar deg vel uansett best i butikken, humrar Atle.

Sjølv om kundegrunnlaget er halvert sidan starten i 1985, så ser Cecilie lyst på framtida. Med ein jamn omsetnad, tok ho sjansen på å totalrenovere butikken i februar 2023. Ho trivest godt i jobben, med stabile tilsette og alle dei kjekke kundane. Karane ved det runde bord møtast dagleg, og dei har tidlegare uttalt at føremiddagane på butikken er heilt uunnverlege. Nokon av dei kan ein stille klokka etter, andre er meir sporadiske.

Det største ønskjet både Atle og Cecilie Ljotebø har for framtida, er at prisauken på matvarer her i landet må stoppe. Begge tykkjer det har gått alt for langt når det kjem til kva kundane må betale. 

Vi gratulerer Joker Kyrkjebø så mykje med 40-årsjubileet og ønskjer «den gode nabo» lukke til vidare.

7.	Edvard Anders Berge og utplasseringselev Mathea Kjelstad Lilleby frå Fureli Maskin, ville gjerne ta lunsjpausen på Joker Kyrkjebø.

8.	Fleire glade damer kom innom for å feire. Frå venstre Nina Gjervik Aaland, Elisabeth Gjervik Aaland, Isabel Skau Petterson og Eli Siv Eide Simonsen.