Det er Judith Hegrenes, Arne Bekkevoll og Vidar Sandal som står bak meldinga. Dei meiner at fjerninga av nyfødde kje frå mødrene sine har negative konsekvensar for både kjea og mødrene, og viser til § 3 i lova om dyrevelferd. Der står det at «Dyr har egenverdi uavhengig av den nytteverdien de måtte ha for mennesker. Dyr skal behandles godt og beskyttes mot fare for unødige påkjenninger og belastninger.»
Hegrenes, Bekkevoll og Sandal poengterer at mjølkeproduksjonen hos geiter er naturleg størst rett etter kjeing, og listar opp tre punkt i meldinga som dei meiner er handlingar som bryt med lovverket. – Geitene får mjølkespreng og mest sansynleg jurbetennelse når killingane blir tatt frå dei. På Vestlandsrevyen vart det vist ni killingar på ein plass. Vi veit at det også er killingar på to andre plassar, så faren er stor for at flesteparten av geitene på Kvist har mista killingane sine kort tid etter kjeing i vår. Utan å mjølke ut mjølka som allereie er komt i juret er det derfor påført geitemora store lidingar. Er dette gjort med vilje, for på ein effektiv måte, å utrydde geitene på Kvist? I så fall er dette alvorleg dyremishandling sett i verk av Mattilsynet.
– Geiter som har mista kjea sine, og eventuelt overlever, kjem i brunst etter kort tid. Da kjem dei til å kjee igjen til hausten, kort tid før vinteren. Dei kjea kjem ikkje til å greie seg i vintervêr, i motsetning til dei som blir fødde i februar, når våren er i gang der ved Sognefjorden. Er dette gjort slik med tanke på å utrydde geitene på Kvist? I så fall er dette alvorleg dyremishandling sett i verk av Mattilsynet.
Dei avsluttar meldinga med eit siste punkt knytt til kjea sin helsesituasjon, og oppfordrar Mattilsynet og deira overordna om å ta meldinga på største alvor etter lova. – Det er viktig at nyfødde kje får morsmjølk som første måltid. Vi er bekymra over at kjea som er tekne frå og straks blir sett på morsmjølkerstatning kan få mangelsjukdomar.
Mattilsynet har jurisdiksjon knytt til lova om dyrevelferd og er den sentrale tilsynsmynda som skal sikre at lova blir følgt. Mattilsynet kan om dei oppdagar brot på lova gi pålegg om forbetringar, bøter eller i alvorlege tilfelle beslaglegge dyr. Ved grove brot kan Mattilsynet melde saka til politiet som kan straffeforfølgje brot på dyrevelferdslova. Ytre Sogn kjem tilbake med meir.