Ann-Elisabeth Lavik Akse (t.v) ved Lavik Kro, Bjørn-Atle Systad ved Bunnpris Lavik og Bente-Annita Lavik Coskun ved Søstrene Lavik inviterer til 10-årsjubileumsfeiring. Men nøyaktig korleis den blir veit dei ikkje heilt enda.

Feirar travel 10-åring i Lavik

Gjengen på Lavik Torg har det nesten for travelt til å feire seg sjølv.


I sommar er det ti år sidan det nye senteret opna i Lavik, og det på same tid som bygda vart «bygd om» med ny ferjekai og endra køyremønster. Med etableringa av Lavik Torg såg også Lavik Kro dagens lys, og bygda fekk og ein ny og moderne daglegvarebutikk. Den gongen var det travle tider for aktørane på senteret, og no ti år seinare har lite endra seg. Storesøster Bente-Annita Lavik Coskun i «Lavikdynastiet» som held til på senteret fortel om ei jubileumsfeiring som skjer litt på sparket.

– Det tok av her hos oss då finvêret kom, så vi ligg litt bak skjema med førebuingane. Men det blir i alle fall kaké og kaffi på senteret laurdag 8. juni, og så kjem vi til å køyre gode tilbod og ha litt andre aktivitetar som konkurransar og quiz denne dagen og kanskje også i dagane før.

Lavik Coskun fortel at dei og er i dialog med ymse aktørar som kan kome til å dukke opp med ulike tilbod og innslag, men at ting ikkje er spikra nok til at dei kan gå ut med kva dette er enda.

– Vi oppfordrar dei som måtte vere nysgjerrige til å besøke oss på sosiale medier for å få siste nytt om korleis feiringa blir.