Eige kapittel om Lavik – Oppedal

Folgerø ute med bok om ferjefolket

Lavik – Oppedal er blant sambanda forfattar, musikar og journalist Halvor Folgerø tek for seg i si nye bok.


«Ferjefolket – Storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø» heiter boka, og i den har Folgerø samla spanande historier om folkelivet på ferjene langs heile kysten.

Forfattaren har opplevd stor suksess med dei to føregåande bøkene han har gitt ut om vegane på Vestlandet, så no var det naturleg for han å også sjå på «vegane på fjorden».

– Ferjene er ein del av den vestlandske folkesjela, og ein del av vår identitet som vestlendingar, på godt og vondt. Vi både hatar og elskar dei, og dette tvisynet gjer at det er interessant å skrive om dei. Vi er avhengige av dei, og dei er ofte tett på livet i mange situasjonar. Fødsel og død, bryllup og gravferd. Dessutan har eg møtt mange hyggelege ferjefolk med interessante historier å fortelje. Og så er det jo ferjene som bitt vestlandsvegane saman.

Eige kapittel

Eit av sambanda Folgerø har via merksemd i boka er Lavik – Oppedal. Der tek han for seg historia til sambandet, ei framtid med autonome ferjer, og ymse som har skjedd der opp igjennom åra. Ein god del av lystig karakter, men også noko meir alvorleg. 

Folgerø har mellom anna snakka med Morgan Waage, matrosen som i 2021 vart påkøyrd av ein irritert bilist over noko som var ein bagatell, men som fekk store konsekvensar. Waage vart skada, og har sidan den dagen ikkje vore i jobb.

– Historia til Morgan Waage fortel noko om kor langt enkelte folk er villige til å gå for å presse seg fram i køen. Det er ei rystande historie om total mangel på folkeskikk og impulskontroll. For Waage er konsekvensane både triste og alvorlege. Han blei arbeidsufør, kanskje på livstid. Bilisten som køyrde på han slapp straff.

I kapittelet om Lavik – Oppedal får lesarane mellom anna høyre korleis det går med Morgan Waage, matrosen som vart påkøyrd i 2021 av ein bilist som prøvde å snike i køen. Det som i utgangspunktet var usemje rundt ein bagatell fekk for Waage store konsekvensar. (Bokside: Samlaget)

Folgerø avsluttar kapittelet om Lavik – Oppedal med det som skal skje når Fjord1 tek over sambandet etter Norled i 2026. Da skal autonome ferjer som køyrer seg sjølv settast inn på sambandet.

– Den teknologiske utviklinga har aldri late seg stoppe, så slik sett er det naturleg. Men det vi mister når dei tradisjonelle ferjefolka blir sette på land, er det sosiale. Møta med levande menneske, og fagfolk å spørre om vi lurar på noko. Ferjeturen blir meir ein rein transportetappe, og mindre ei reise. Men dei autonome ferjene skal jo framleis ha eit visst mannskap, så det er vanskeleg å seie kor merkbart det blir. 

Mannen som har laga bok om ferjefolket er sjølv lite prega av nostagi, men trur noko går tapt når teknologien tek over for folka.

– På mange ferjesamband er kafeen alt erstatta av kaffiautomat, og billettørveska er for lengst bytt ut med kamera. Slik sett blir dei autonome ferjene berre ei vidareføring av ei utvikling vi har sett lenge. Eg er ingen utprega nostalgiker, men syns det er synd dersom alle jobbar og funksjonar skal erstattast av teknologi.