Det er ingenting å seie på innsatsen under torsdagstreningane i Lavik, og treninga går lettare med godt humør, og med god rettleiing frå fagfolk.

Friskusar med faste treningar i Lavik

Da Frisklivssentralen i Høyanger vart ein realitet fekk eldre i Lavik endeleg treningstilbodet som dei har venta på i fleire år.


Fellestreningane som har blitt starta opp torsdagar i Lavik denne hausten har på kort tid blitt svært populære, og sist torsdag møtte heile 42 i alderen 30 til over 80 opp. Dei fleste var nok over pensjonsalderen, og det er det ein god grunn for.

– Vi blir i Lavik som mange andre stadar stadig fleire eldre, og det er begrensa med omsorgsbustadar i bygda. Om ein ikkje kan bu heime lengre her må ein derfor gjerne til Kyrkjebø eller Høyanger, og det er såpass langt vekke at ein fort mistar kontakten med eige nærmiljø. Mange her ønsker derfor å bu heime så lenge som mogleg, og da er det å kunne halde seg i god fysisk form veldig viktig. Og så er det dei som rett og slett berre ønskar å trene, utan nokon spesiell grunn utover at det fint å halde seg i form.

Treningsentusiastane Liv Helga Lammetun (f.v), Møyfrid Ringereide og Egil Norevik saman med frisklivskoordinator Cathrine Kristiansen Heggø. Deltakarane på treningane i Lavik håpar at torsdagstrimmen kan halde dei i god form lengre, slik at dei også kan bu lengre heime.

Det seier initiativtakar til det nyoppstarta trimtilbodet, Møyfrid Ringereide.

Det er fleire år sidan ho første gong tok kontakt med Høyanger kommune i håp om å få hjelp til å få i gong eit organisert treningstilbod.

– Eg kom ingen veg den gongen. Sidan tok eg ønsket mitt opp på årsmøtet i Lavik IL tidlegare i år, og idrettslaget stilte seg bak initiativet. Lavik Helselag og Pensjonistforbudnet Lavik kasta seg også med, og vi fekk formulert eit skriv som vi sendte kommunen der ønsket om eit slikt tilbod vart gjentatt.

Responsen frå kommunalsjef helse og omsorg, Bente Nesse, var positiv, men det var først da Frisklivssentralen til kommunen vart oppretta 1. september at det vart mogleg for kommunen å hjelpe til.

– No har vi hatt torsdagstrim fire gongar, og vi blir stadig fleire med ny rekord på 42 frammøtte i dag. Sjølv da ekstremvêret «Jakob» herja kom det 20 som ville nytte ein time til litt fysisk utfalding. Det er heilt tydeleg at dette er eit tilbod som folk set pris på, og er glade for.

Det er eit variert treningsopplegg som blir gjennomført på torsdagstreningane, og styrke- og balansetrening er berre noko av det som står på menyen. Viktige ting, om ein ønsker å førebygge skadar.

God miks

Det er ein god miks av damer og mannfolk på treningane i Lavik, og det er frisklivskoordinator Cathrine Kristiansen Heggø glad for.

– Det har ein tendens til å bli ein overvekt av damer på slike treningar, men her møter alle opp, og gjer ein skikkeleg innsats. Men når det er sagt så er det plass til enda fleire, så det er berre å hive seg med.

Da Kristiansen Heggø starta i jobben som frisklivskoordinator gjekk ho ut og stilte seg på tilbodssida med tanke på etablering av trim- og treningstilbod rundt om i kommunen. For hennar del passa det derfor veldig bra at det alt stod ein motivert gjeng klar i Lavik.

– Det kan bli vanskeleg for meg å vere med på alt sjølv om det blir starta opp mange treningstilbod i kommunen gjennom Frisklivssentralen, men eg er veldig glad for initiativet som har blitt tatt her i Lavik. Og så er det jo grådig kjekt at så mange er med, og stemninga her er veldig positiv og innsatsen høg.

Frisklivskoordinatoren er heilt einig med initiativtakar Ringereide og hennar treningskameratar i at fast trim har eit positivt utslag for helsa, noko som også gir eit positivt utslag på kommuneøkonomien.

– Ta til dømes eit hoftebrot, som fort har ein prislapp på ein halv million for ein kommune. Om ein unngår eit par av dei og andre uhell og helseplager som følge av trim og trening kan det fort vere snakk om betydelege innsparingar. Det er sjølvsagt og bra for kommunen om folk bur lengre heime. Det er noko det er fokus på for tida, også nasjonalt.

Med frisklivskoordinator Cathrine Kristiansen Heggø i drift vart det etterlengta treningstilbodet i Lavik starta opp.

Alle blir ivaretatt

Sjølv om det er treninga som står i fokus i Lavik torsdagar, så betyr ikkje det at det ikkje er rom for litt hyggeleg passiar også innimellom repetisjonane med strikkar og frivektskuler. Treningstrioen Liv Helga Lammetun Nybø, Møyfrid Ringereide og Egil Norevik er alle einige i at det nye tilbodet i Lavik er både helsefremmande og sosialt.

– Det er kjekt å komme seg ut av huset og treffe andre, også i samband med trening. Her hjelper vi kvarandre med øvingane, og Cathrine er veldig flink til å motivere og vise korleis ting skal gjerast. Ein må ikkje vere redd for å bli med. Her får ein all den rettleiinga ein treng, og så legg ein så mykje i treninga som ein sjølv ønsker.

Roleg på trening? Neida! Det er full innsats, men treningane blir alltid avslutta med litt avslapping til musikk.