I gymsalen på Lavik skule står det ni karatestudentar med belter i ulike fargar på rekke og rad. Framfor dei står trenar Tom Peder Jakobsen, og rundt magen har han sjølv eit svart belte av andre mestergrad, eller 2. dan, som det heiter innanfor karaten.
Jakobsen har akkurat delt litt av sin karatekunnskap med dei frammøtte, som i retur svarar kontant med det japanske uttrykket «oss». Det signaliserer respektfull anerkjenning, og at beskjeden som har blitt gitt har blitt forstått.
Slik har Jakobsen stått og lært opp karateelevar i Lavik sidan 2014. Den gongen som ein avleggar av Arna Karateklubb, men interessa for karate vart såpass stor i bygda, at Lavik Karateklubb vart etablert som ein frittståande klubb i 2017.
– På eit tidspunkt var «heile bygda» med, men med åra har ein del falle frå, og så har den harde kjernen blitt igjen. Og så kjem det jo stadig nokre nye til som er nysgjerrige på karaten. Vi har alltid plass til nye medlemmar, så her er det berre å bli med. Ein må gå i tredje klasse eller vere eldre for å delta på treningane våre, men vi har inga øvre aldersgrense.
Lavik Karateklubb tel i dag omlag 40 aktive medlemmar av begge kjønn, og i alle aldrar. På det meste har dei vore omlag 50 medlemmar, og Jakobsen fortel at det gjerne er dei vaksne som blir hekta på karaten.
– Vi ser ofte at ungar og foreldre begynner saman som ein familieaktivitet, og så sluttar ungane av ulike grunnar, men foreldra blir igjen.
Betyr mykje
Blant dei som blir igjen er det mange som trenar både hardt og målretta, noko som viser igjen i resultata. Den vesle karateklubben har gjennom sin levetid fått fram fire utøvarar med svart belte, og fire med brunt belte. Ein av dei er Jan-André Førde Systad. Han tok det svarte beltet i sommar.
– Eg begynte på karaten med madammen og dei tre ungane våre, og sidan har eg blitt her.
Førde Systad er til dagleg automasjonsingeniør og bonde på Lavikdalen, og med karateinteressa på topp blir det begrensa med tid til andre aktivitetar.
– I månadane før eg tok det svarte beltet trente eg fem til sju dagar i veka, og da både i form av treningar saman med Tom Peder og eigentrening.
I karaten sitt heimland Japan kan ein studere sporten på universitetsnivå, og der tilsvarer eit svart belte det som her til lands er ein bachelorgrad. Det seier litt om mengda trening og nivået som skal til for å oppnå den gjevaste beltefargen.
– Det betyr mykje å få det svarte beltet som eit konkret bevis på at innsatsen ein har lagt ned har gitt resultat, noko som gir ein god meistringsfølelse. Eg var rimeleg nervøs den dagen eg stod der og skulle vise fram at nivået mitt no tilsvarer eit svart belte.
Førde Systad fortel at jo meir karate ein lærer, jo meir oppslukt blir ein av sporten, og av å perfeksjonere detaljane.
– Det er utruleg mykje terping som skal til om ein skal bli god, og dette er og ein del av det som fascinerer for min del. Særleg det å sjå karatemeistrar på høgare nivå inspirerer, og her har klubben vår vore veldig flink til å vise fram god karate til medlemmane sine, særleg gjennom samlinga Vårgasshuku som vi arrangerer årleg der høgt graderte instruktørar kjem og lærer oss opp.
Læremeister Jakobsen er einig med eleven sin.
– Det krevst ein god del for å oppnå det svarte beltet, men det er samstundes der karatereisa for alvor byrjar. Graderingane frå kvitt til svart belte indikerer kva nivå du er på som elev, og så er det dei ulike graderingane innanfor svart belte som indikerer kor mykje du har fordjupa deg i karaten.
Fagleg solid
Lavik Karateklubb praktiserer innanfor stilarten Shotokan, ei karateform som er blant dei mest utbreidde i verda, og som mellom anna er kjenneteikna av djupe stillingar med god stabilitet og slag og spark med mykje kraft.
Med mange tilreisande til treningane i Lavik bestemte klubben seg for nokre år sidan å også starte opp med treningar andre stadar. I dag er det fast trening både i Lavik, Hyllestad og Dale kvar veke.
– Å delta på treningane er veldig viktig om ein vil utvikle seg innan karate, og så må ein drive mykje eigentrening. Som i mange andre samanhengar er mengdetrening heilt avgjerande også her om ein skal bli god, fortel Jakobsen.
For han sjølv er eigentrening enda viktigare, rett og slett fordi han ikkje har nokon lokalt over seg som kan hjelpe han med å ta nye steg.
– Eg reiser på samlingar og får input der som eg tek med meg heim og brukar i eigentreninga mi.
Lavik Karateklubb er medlem i Norges Idrettsforbund, Norges kampsportsforbund og Norwegian Karate Association. Medlemskapet i Norwegian Karate Association er særleg viktig når det kjem til å få tilgang på oppdatert karatekunnskap.
– Karate er ein dynamisk sport som er i konstant endring, og gjennom forbundet får vi tilgang på og trening i oppdateringane som kjem frå Japan. Dette gjer til at vi kan halde ein god og oppdatert standard på opplæringa vår.
Førde Systad, som også er med på å trene opp dei i klubben som er på eit lågare nivå, ser også stor verdi i å tilhøyre ein klubb som set karatefaget høgt.
– Det er avgjerande at ein har nokon med god kompetanse som kan rettleie ein på karatereisa. Vi ser ein god del eksempel på elevar som plukkar opp ting frå YouTube-filmar, men det som gjerne skjer da er at ein får ein rotete hybrid av ulike stilartar, noko som ikkje er bra. Karate inneheld både eit tankesett, haldningar og utøving, og utan ein erfaren instruktør som rettleiar er det lett for at ein ikkje får den rette retninga og forståinga for det ein driv med.