Brann i ferje på Lavik –⁠ Oppedal - alle passjerar på land

Det melder politiet på sine nettsider.


Klokka 9.58 onsdag morgon fekk politiet melding frå hovudredningsstasjonen (HSR) om brann i maskinrommet på ei ferje i retning Lavik. Ferja hadde mista framdrift, og det var 21 personar ombord.

Av dei var 14 passasjerar og eit manskap på sju.

Politiet seier det er mogleg nokon har fått i seg røyk, men det er ikkje meldt om andre personskadar.

Det vart sett i gong redningsaksjon, der personar ombord vart evakuert over til andre fartøy på ferja. Ressursar frå naudetatane og redningshelikopter deltok i aksjonen, medan HSR koordinerte aksjonen.

Klokka 10.37 meldte politiet at dei evakuerte passasjerane vart henta frå flåtene med fartøy som tok dei til ferjekaia. Dei evakuerte vart teken i mot av politi og helsepersonell.

Klokka 11.38 meldar politiet om at alle passajerane no er komen på land, og blir samla og sett etter på Lavik skule. Det er framleis ikkje meldt om nokon personskader.

Planen er no å slepe ferja til Brekke.