I dag torsdag 28. november 2024, opplevde eg noko som eg aldri hadde trudd kunne skje. Eg sat på galleriet i kommunestyresalen og såg korleis dommen vart avsagt, og korleis den årelange torturen skulle gjennomførast. Det var mange vitne på galleriet.
Torturen skal startast med det same, både i Høyanger, men også i nabobygdene. Viksdølingane, og vi «kapellingane», ja kanskje heile Gaular skal få svi. Gaular kommunestyre gjekk samrøystes imot vindkraft, rett før Sunnfjord overtok.På andre stader sit nokon og ler; ein energiminister, Zephyr, Eviny, Fred Olsen, og mest av alle ler Hydro. Endeleg lukkast dei med å kvitte seg med den vesle brysame produksjonen i bygda som masa om investeringar og lenge ikkje ville døy. Det tek berre så lang tid. Det er godt planlagt, dette er ikkje spesielt for Hydro. Store internasjonale industriselskap jagar heile tida rasjonalisering. Hydro har overlevd lenger enn dei fleste. Hydro har gjort det før, også på større stader, både ute og her i landet; Rjukan, Notodden, Herøya og Glomfjord. Men først må verdiane sikrast. Vegen for å transportere ut kraft frå Høyanger må vere opna til Karmøy, Porsgrunn, eller som eksport til utlandet. Hydro brukte også nokre år for å sentralisere gjødselproduksjonen og skilje ut Yara og føre krafta til Herøya. I 1987 vart 500 oppsagt, året etter var det ingen produksjon att på Rjukan. Kraftprisane vil auke etterkvart som meir vindkraft vert bygd ut. I Norge har vi for lengst utvikla eit eminent kraftsystem som vindkrafta kan «snylte» på gratis. Vi har finansiert det over fleire generasjonar. Dette vil også Hydro og Fred Olsen utnytte. Spekulantane og deira lobbyistar kosar seg saman med NHO og LO og naive regjeringar. Dei kan nå legge bort panikken. Vindkraftplanar på hundre stader rundt i landet er på planstadiet. At Arbeidarpartiet har svikta sin tidlegare rolle då dei hadde ein sterk energi- og industripolitikk for å bygge velferdssamfunnet. Det er det ingen som bryr seg om, ikkje ein gang partiet sjølv. Trenden med sjølvdrap grip om seg. Torturen som dei kallar KU skal splitte lokalsamfunnet. Der har Zephyr den beste kompetansen, greitt å bruke for dei store aktørane. Litt kjedeleg for den innbilte kraftkrisa at Hydro for eit par dagar avlyste satsing både på batteri og hydrogen, men bra for bedriftsøkonomien. Equinor har nettopp av same grunn lagt til sides fornybarsatsinga si og 270 arbeidsplassar forsvinn. Mange andre initiativ med store statlege tilskot er allereie vaklande.