Kva skjedde med Høyanger Senterparti den 28.11.2024?


Det som har skjedd i Høyanger SP er like uforståelig for oss som har vore tett på som medlemmer som det kan opplevast for mange som sitt på sidelinja og ser det utafra. 

Kommunestyremøtet torsdag 28.11.2024 vil stå som ein historisk nedtur for Høyanger Senterparti for oss 11 som har meldt oss ut i etterkant av møtet. Frå å være eit parti som stod samla, lytta til medlemmane og veljarane i politiske saker, vart partiet tilnærma over natta eit enkeltmannsparti som medførte fatale følger for den politiske dagsorden og Senterpartiets framtid. Dei to mest sentrale SP politikarane i Høyanger vende seg mot eit samla NEI til vindkraft for å stemme JA til planinitiativ med formål om å bygge vindturbinar på fjellet i Høyanger og Sunnfjord. Dei gjekk mot Senterpartiets valløfte som dei sjølv hadde vore våre fremste talsmenn for. Dei hadde stått på valmøter og fronta NEI til vindkraft på vegne av eit samla parti. Me som overlot podiet til dei, var stolte av deira overbevisande talegåver og holdningar, og me stolte fullt og heilt på det. Dei vart framheva i alle fora me vart utfordra på om Senterpartiet var til å stole på som eit NEI til vindkraft parti. Ingen av oss innad i lokallaget oppfatta at det var ugler i mosen på noko tidspunkt i valkampen eller i tida etter. Dei hadde svart klokkeklart NEI til vindkraft i VG sin valgomat. Valgomat vert brukt av mange veljarar som rettesnor for kva parti dei skal stemme på, og den vart mykje brukt også i Høyanger. Mange var med og forma valgprogram som SP gjekk til valg på inkludert lokallagsleiar og gruppeleiar. Det vart ikkje problematisert misforståinger rundt tekst og innhold. Det vart ikkje problematisert at valgprogrammet skulle/ kunne tolkast annleis enn at SP var mot vindkraft. Me trudde difor stod samla om programmet.

Senterpartiet har bidratt til at Høyanger kommune har politisk vedtak at det ikkje skal byggjast vindkraft i kommunen. I kommunedelplanens samfunnsdel har SP ikkje komme med innspel knytt til vindkraft. Riksantikvarens framlegg om å gjere store deler av planområdet til KULA-område er ikkje stilt spørsmål ved av SP.

Valresultatet gjenspegla at SP stod rakrygga og sa NEI til Vindkraft. I valet fekk partiet godt betalt for innsatsen med 5 kommunestyrerepresentanter som bikka fleirtalet i kommunestyret til eit NEI-fleirtal med 11 NEI og 10 JA. Enkelte av Senterpartiets listekandidater fekk ekstra mange personstemmer då dei hadde vore tydelige talsmenn MOT vindkraft i debatter. Personstemmer er særlig viktig for å sikre plass i kommunestyret. Lokallagsleiar var ikkje kumulert på lista og fekk ekstra mange personstemmer.

Så skjedde det me håper andre politiske lokallag slepp å oppleve i si levetid. Tre dagar før avrøystinga i kommunestyret vart det avholdt medlemsmøte i Høyanger Senterparti sitt lokallag. Møtet var lagt opp til debatt med avsluttande røysting. Medlemmane skulle stemme JA eller NEI til vindkraft i skriftlig avstemming. Heilt i starten av debatten, informerte gruppeleiar i kommunestyregruppa at han ville stemme JA til planinitiativ. Lokallagets styreleiar gav utrykk for at han var positiv og hella til å stemme JA i kommunestyret.

Med det som innleiing vart debatten uten anna verdi enn å kvalitetssikre at dei som ville stemme JA hadde lest alle dokument. Det gjaldt brev som omhandla kva negative konsekvenser eit JA ville medføre for bygder i Høyanger og Sunnfjord, kva konsekvensar bønder i begge kommunar ville oppleve, kva verknad det ville ha på ein del av grunneigarane utanfor planområdet som vil få store utgifter med å avklare umatrikulert grunn, kva negative påvirkningar det vil få på reiseliv i ein del områder i Høyanger og Sunnfjord. Det vart og påminna om statlig plan, EUs 4. energipakke og andre endringar som kan kome i framtida der eit JA no kan være avgjerende. Det vart bekrefta at alt var lest og hensyntatt inkludert dei som ville stemme JA for planinitiativ med formål å bygge vindturbinar på Fjellet i Høyanger og Sunnfjord.

Avstemminga hadde ikkje anna verdi enn å gi kommunestyregruppa svar på kva medlemmene faktisk stod for i saka, og den viste klart NEI-fleirtal som var forventa og i tråd med SP si politiske holdning. 

Etter medlemsmøtet opplevde mange av dei mest sentrale medlemmane i partiet at gruppeleiar og lokallagsleiar sitt JA-standpunkt var så stort løftebrot med Senterpartiets standpunkt at 11 av oss valde å skrive eit saklig og begrunna brev til dei. I brevet kom det tydelig fram at konsekvensen av deira standpunkt ville medføre at alle melde seg ut av partiet dersom dei røysta JA til planinitiativ med formål om å bygge vindturbinar i Høyanger og Sunnfjord. Brevet vart bekrefta motteke, men det kom ingen tilbakemelding eller svar på kva dei tenkte eller vurderte rundt vår varsla utmelding. I kommunestyret valde gruppeleiar og lokallagsleiar å stemme JA på tross av medlemsmøtet si klare røyst og vårt brev med varsla utmelding.

Ein kan lese i ettertid i Firda av 28.11. at lokallagsleiar meiner at me 11 som har meldt oss ut bryt med veljarane, ikkje dei to som stemte JA. Det oppleves som ganske provoserande uttale frå nokon som har snudd 180 grader, og som medfører eit historisk negativt utfall for Høyanger SP. I media kan me og lese at lokallagsleiar uttaler at JA kan forankrast i partiprogrammet, og same uttale vart sagt av lokallagsleiar i kommunestyremøtet. Den påstanden oppleves som tatt ut av intet. Tema har ikkje på noko tidspunkt vore diskutert eller problematisert undervegs frå programmet vart laga og fram til nylig. Ingen av oss 11 som umiddelbart melde seg ut, kjenner seg igjen i dette. Dersom det har vore problematisert og diskutert må det ha skjedd utanfor styret og kommunestyregruppa. Ein kan då undre seg i kva fora, og med kven dette har vore diskutert om påstanden skal stå seg.

Tre av våres folkevalde i SP si kommunestyregruppe stemte i tråd med SP sitt valløfte som var NEI til vindkraft. Me meiner lokallagsleiar og gruppeleiar har forstått kva mandat SP hadde og kva som stod i valgprogrammet. Representantene Leif Arne Fureli og Aina Brendsdal Forthun som tok ordet i kommunestyremøtet var klokkeklare på kva som er SP sitt løfte til veljarane og kva SP står for. Det står stor respekt av det dei formidla i kommunestyremøtet og det vil bli huska for framtida som ekte og ærlig SP-politikk.

Demokrati og truverde i eit parti er bærebjelken samfunnet er avhengig av for å kunne eksistere. Mange av oss har vore medlem i Høyanger SP i fleire tiår. Mange har vore politisk aktive i kommunestyre og lokallag i lang tid. Å melde seg ut av partiet er det siste me trudde me skulle gjere. Me håpa i det lengste at fornuften sigra. Svikt i det omfang i ei slik sak som har vore avgjerande for valet, medlemmar og veljarar gjorde at det var umulig å halde fram i partiet. Å stole på sine egne er eit grunnprisipp ein aldri må vike frå. Brot på det prinsippet i slikt omfang er uforenlig med vidare samhandling.

No er det snart Sunnfjord sin tur til å ta sitt val. Me ser ullne svar frå sentrale politikarar i media og dialog me sjølv har opplevd. Det er all grunn til å være på vakt. At Høyanger har svikta når det gjeld, må ikkje påverke valet i Sunnfjord. Sunnfjord skal ikkje la seg overtale som god granne til å sei JA fordi Høyanger gjorde det. I realiteten var det demokratisk fleirtal MOT vindkraft i Høyanger i tråd med valet i 2023.

Av bitter erfaring i Høyanger, har me sett kva det kan medføre å sjå vekk frå valløfter i eige parti. Me kjem til å slikke såra våre i lang tid. Det må ikkje skje i Sunnfjord.

Til slutt vil me framheve Hedda Andrine Skår Indrebø frå Raudt som i Høyanger kommunestyre oppsummerte til slutt: "Kva har skjedd" når ho henvendte seg til fleire av politikarane i salen. Dei fleste hadde endra standpunkt undervegs. Felles for dei var at dei hadde vore forbilder eller nære i politikken. Det er tankekors når tillit tar lang tid å bygge opp, men eit øyeblikk å rive ned.

Askel Rødland
Leif Arne Fureli
Anita Taftø
Hallbjørg Eidhamar
Vegard Hellem
Lisa Meek Ljotebø
Cecilie Sande
Oddhild Løbø
Kjell Solhaug
Unni Thue
Arne Jan Thue