Ungane starta opninga av julevindauget med allsong av «På låven sitter nissen». Etter dette blei vindauget avduka og pynten vist fram.

Julevindauget opna i Olderdalen barnehage

Det tradisjonsrike julevindauget i Olderdalen barnehage i Høyanger er offisielt opent. Årets vindauge har fått temaet hav og forsøpling.


Førre fredag hadde snøen nett lagt seg på bakken før regnvêret tok over. Foreldre og slekt tok likevel turen opp til barnehagen og små barnestemmer starta avdukinga av julevindauget med allsong av «På låven sitter nissen».

– Julevindauget vårt er ein årelang tradisjon, og det er alltid kjekt å avduke det ilag med ungane no når desember nett er begynt, fortel Bodil Sæther Ringstad, som er pedagogisk leiar i barnehagen.

Trass dårleg vêr var oppmøtet godt, og alle frammøtte skunda seg til vindauget for å sjå all pynten som var blitt laga til. Juletreet var sett opp ute, gløgg, peparkaker og klementinar vart utdelt, og julestemninga var på topp. Til og med reporteren frå avisa fekk sikra seg ei klementin og ein kopp varm gløgg.

– Julevindauget er eit fellesprosjekt på heile huset, og alle ungane er med på å lage til pynt til det. Kvar avdeling har pynta kvart sitt hus, og kvar unge har fått laga kvar sin peparkakefigur. Vi har også teke med anna «pynt» for å vise fram årets tema som vi har arbeida med gjennom året.

Årets tema har vore hav, natur og forsøpling. Denne sida av vindauget viser korleis ungane vil at havet skal sjå ut. Ungane på stor avdeling har laga sjøstjerner, medan ungane på småbarn har baka fiskar.

Årets tema

Årets tema er hav og forsøpling, og små og store i barnehagen har vore flittige søppelplukkarar og lært om kva som ikkje høyrer til i naturen gjennom heile 2024.

– Vi har delt vindauget i to der den eine sida viser korleis vi vil ha hava våre, og den andre sida viser korleis vi ikkje vil ha hava våre. Ungane på storbarn har baka og pynta sjøstjerner medan ungane på småbarn har baka og pynta fiskar for å vise fram livet i sjøen.

Tidlegare i år har barnehagen vore med på «Rein Sognefjord»-aksjonen og pynta både inne og ute med kunst inspirert av temaet.

– Vi har vore nede i moloen i Høyanger og sett på fjorden og båtane, plukka søppel, og etter dette har vi fått oss eit fiskegarn i taket på småbarnsavdelinga. Her har vi hengt opp både fiskar og søppel. Ungane har lært om resirkulering og korleis dei skal ta vare på den fine naturen vår.

Sæther fortel at alle er velkomne til å komme og sjå på julevindauget, så her er det berre å komme for å få seg ein god dose julestemning.

– Ungane skal få med seg det dei har baka heim før jul, så utstillinga står til rundt den 18. desember. Vi har lys i vindauget som er på til rundt kl. 23.00, så her er det berre å komme innom for å sjå kva ungane har laga til, smiler ho.