Ein miks av unge talent og rutinerte korpsmusikantar spelte vakker julemusikk i musikkpaviljongen i Høyanger sentrum under julegateopninga laurdag.

Idrettslaget fiksa julestemninga

Stor dugnadsinnsats frå IL Høyang sørga for ein flott start på førjulstida i Høyanger.


Vêret skapte kanskje ikkje den heilt store julestemninga laurdag, men det gjorde ingenting, for det gjorde nemleg ein skokk med frivillige frå IL Høyang.

I fjor var det eit av fotballaga til idrettslaget som tok ansvar og arrangerte julegateopninga i Høyanger, men i år stilte heile IL Høyang opp og lagde til førjuls­kos i heimbygda.

– Vi har i haust etablert ei dugnadsgruppe i IL Høyang som har som føremål å koordinere dugnadsarbeid som dette. Her kan dei ulike gruppene som ønsker det bli med, og så går inntektene inn i ein felles pott som dei som har vore med og bidratt kan få midlar frå når dei måtte ha behov for det.

Det seier Katrine Nyland Tonning og Malin Nyland Tonning i den nye dugnadsgruppa til IL Høyang, som da arrangerte julegateopninga på samfunnshuset i Høyanger laurdag. Med seg hadde dei mange gode hjelparar.

– Spelarar og utøvarar innan både turn, handball og fotball er med her i dag, og denne dugnadsgjengen består sikkert av mellom 20 og 30 ungdomar som gjer ein kjempeinnsats. Og så er mange foreldre med og hjelper til på ulikt vis, så i dag drar vi lasset saman.

At det er mange involvert gjer arbeidet som krevst for å gjennomføre ei innhaldsrik julegateopning meir overkommeleg for arrangørane.

– Det er mange hender her i dag som kan hjelpe til med alt det praktiske, og særleg det at så mange unge er med og hjelper til synest vi er kjempeflott. Når det gjeld sjølve planlegginga har vi vore fire stykk i dugnadsgruppa som har ordna med det. Med fleire kokkar der kan det fort bli litt mykje søl, så vi har halde planleggingskomitéen ganske liten, og så har vi fått massiv hjelp frå dei andre i idrettslaget til sjølve gjennomføringa.

I vindauga på samfunnshuset i Høyanger kan ein no sjå pepperkakebyen med bidrag som vart levert inn til julegateopninga.

Innhaldsrikt

Julegateopninga i Høyanger vart ei innhaldsrik affære med tilbod og aktivitetar både inne og ute, men sett vekk frå under julegrantenninga og framføringa av musikk frå Fagforeningens Musikklag og Høyanger Skulemusikk heldt nok dei fleste seg innandørs denne dagen.

– Vi har kafé og salsbodar inne i festsalen og på galleriet, og så er det litt ymse å finne på her som ansiktsmåling for dei minste, eit par konkurransar, ein pepperkakeby, filmframsyning, og moglegheit for å bli fotografert saman med nissen.

Det myldra godt på samfunnshuset under heile arrangementet, men søstrene Nyland Tonning trur det var litt mindre folk til stades i år enn under julegateopninga i fjor.

– I fjor var det nydeleg vintervêr og langt kjekkare å opphalde seg ute på torget, noko som fekk folk til å samle seg i sentrum. Det var også tilsvarande arrangement både på Kyrkjebø og i Vadheim i år som overlappa julegateopninga i Høyanger, noko som heilt sikkert hadde ein innverknad på oppmøtet. Dette er jo ei helg der det skjer mykje rundt omkring i bygdene, og der mange samlar seg i sitt nærmiljø.

Ved inngangen til samfunnshuset sat Live Skogly Rye (t.v) og Ingeborg Sofie Markeset Vevle og tilbydde ansiktsmåling. Her kunne folk og delta i ein artig gjettekonkurranse.

Nissejentene Ciana Tonning Hansen (t.v) og Dina Victoria Hilde Luggenes var to av ein dugnadsgjeng på mellom 20 og 30 personar som hjelpte til med å arrangere julegateopninga. Dei to hadde som oppgåve å halde orden i kaféområdet.

I festsalen på samfunnshuset var det kafé og stands der ein kunne få kjøpe ymse julerelaterte varer. Høyanger arbeids- og aktivitetsenter var blant dei som var til stades med alt det fine som blir laga der.

Idrettslagsleiar Reidar Grønli heldt ein liten tale til forsamlinga før julegrana vart tent. Han takka alle i IL Høyang som bidrar til den massive og varierte aktiviteten som er i laget.

På galleriet over festsalen var det og mogleg å kjøpe flott handarbeid frå ymse tilbydarar.

Katrine Nyland Tonning (t.v) og Malin Nyland Tonning er med i den nye dugnadsgruppa til IL Høyang som stod bak julegateopninga.