Margunn Hagen håpar som alle andre utearrangementsarrangørar på fint vêr til helga. Ho ligg godt an med sin aktivitetsdag, og gler seg til å samle folk til ei triveleg stund på laurdag. (Foto: Privat)

Alt i rute for aktivitetsdagen i Lavik

Arrangør Margunn Hagen ser lyst på livet, nokre dagar før aktivitetsdagen i Lavik.


Det er mykje som skjer på arrangementsfronten for tida, og eitt av dei lokale arrangementa som skal gå av stabelen i nær framtid er aktivitetsdagen i Lavik laurdag 15. juni.

Margunn Hagen, som står bak arrangementet, har kanskje ikkje kvilepuls for tida, men det er ikkje langt ifrå.

– Vi ligg godt an, så om vi får vêret med oss og no så blir det bra. Akkurat no handlar det mest om å samle lause trådar som å hente premiar og ymse andre praktiske gjeremål, og for kvar dag som går fell det nye bitar på plass i puslespelet.

Hagen fortel at ho får mykje god hjelp av dei som har blitt med på aktivitetsdagen og andre frivillige. 

– Nokre av aktivitetane som veteranbil- og dyreutstillingane  har eg lite med å gjere, for dei tek aktørane bak seg av heilt og haldent sjølv. Mi rolle er i stor grad å planlegge og koordinere, og svare på ymse praktiske spørsmål som måtte dukke opp.

Kan kome meir

Det er mykje forskjellig på programmet til aktivitetsdagen, som og har ein kveldsdel på Lavik Fjord Hotel. Nokre ting kan og kome til litt meir spontant når helga nærmar seg.

– Vi har lyst til å få til eit rullatorløp og er i dialog med potensielle deltakarar der, men om vi får det til gjenstår å sjå. Eit slikt løp er og veldig vêravhengig. Om det blir fint vêr og interessa er der kan det godt vere vi hiv oss rundt, men det tek vi i så fall litt meir på sparket.

Andre ting som skal skje har blitt planlagt i lengre tid, og Hagen kan fortelje at det og kjem idéar og forslag utanfrå.

– Monica Sunde Tjønnås kom til dømes til meg og spurde om ho kunne få lage hamburgarar denne dagen slik ho gjorde på gatekjøkenet på kaien for 20 år sidan. Det synest eg var ein veldig artig idé, så det blir nostalgiburger for dei som vil ha!

Hagen gler seg sjølv stort til aktivitetsdagen, og trivst godt med å skape litt liv og røre. Og ut frå tilbakemeldingane ho får å døme kan det virke som om andre og set pris på aktiviteten.

– Eg får litt meldingar og kommentarar der folk lurer på kva som skal skje og fortel at dei ser fram til helga. Det er sjølvsagt veldig kjekt. Aktivitetsdagen i år blir ganske lik slik det har vore tidlegare, men med visse justeringar. Så mange har nok alt eit bilde av korleis den vil bli, og planlegg å stikke innom.