Vindkraftbransjen sine innhogg i kommunar og lokalsamfunn


Under vindkraftbransjen sine misjoneringar rundt om i landet, har dei ei oppskrift på korleis dei skal overtyde kommunar og lokalsamfunn som skal råkast. For mindre stadar, som gjerne har utfordringar med folketalsnedgang, blir vindkraft presentert som ei frelse. Det blir kopla opp mot store moglegheiter innan utvikling av lokalt næringsliv og arbeidsplassar, mens dei negative verknadane vert skuggelagte. Det er brukt tilsvarande framgangsmåte på til dømes Guleslettene og Lutelandet. Resultatet der har blitt minimalt med lokale ringverknadar, men støy og etterpåklokskap. Konsekvensutgreiingane har ikkje vore i samsvar med realitetane.

Men i Høyanger og Sunnfjord har vindkraftbransjen hatt store utfordringar. Oppdatert kunnskapsgrunnlag om verknadar, har fått fleirtalet av politikarane til å stå på innbyggjarane si side. Vindkraftbransjen har gjentekne gonger møtt veggen. Dei har måtte gå så langt at dei har trekt inn framtida til hjørnesteinsbedrifta i Høyanger. For nokre blir det då eit vanskelegare tema. Men under folkemøtet 23.01.2023, vart det gjort klart at Høyanger verk ikkje er avhengig av vindkraftutbygging for vidare eksistens. Kraftkrevjande industri kan ikkje baserast på uføreseieleg leveranse, og det er utfordrande å støtte det opp med balansekraft.

Vindkraftbransjen vil ikkje gje seg. Så dei held fram med tidlegare, men med forsterka dosering i oppskrifta – kople vindkraftutbygging sterkare opp mot utvikling av industri og arbeidsplassar. Det er ikkje lagt fram nokre konkrete lovnadar eller eksakte tal, men synsing om potensielle moglegheiter i forsøk på å lokke forhåpningsfulle til å bite på agnet. I tillegg til bistand frå partipisken sentralt og organisasjonar, har vindkraftbransjen delvis lukkast i å omvende nokre politikarar i ei retning dei eigentleg ikkje er for. Resultatet av dette, er at uvissa i lokalsamfunna vert forsterka. Enkelte tek til orde for handling og vil at eit vindkraftanlegg skal konsekvensutgreiast, men dei viser lite handling i å forsøke å forstå konsekvensane.

No vil eg gjere det klart at eg heiar på alt som kan føre til lokal utvikling og positive ringverknadar på ein god måte. Men når det er vindkraftanlegg involvert, er øydeleggingane det einaste som er sikkert. Er det verdt å påføre dei negative verknadane vindkraftanlegga inneber, i håp om å kanskje få noko att, men som likevel ikkje vil kunne erstatte det tapte?

Temaet vindkraft er nok tøft for politikarane, men det er heilt sikkert også tøft for grunneigarar som er utsette for vindkraftpresset. Det kjem opp fleire problemstillingar: Kva skjer vidare? Vil ein våge å investere i eigedomen sin som står i fare for å bli råka av vindindustri? Og kva med oppryddingskostnadar til mangfaldige millionar? Lettvinte bagatelliseringar er vi blitt vande med å få til svar, men med sterkt innslag av at det må konsekvensutgreiast

Dei i politisk posisjon som stiller seg positive til konsekvensutgreiing, (vindkraftutbygging med andre ord), har ein stor jobb med å ta til seg dei mange negative konsekvensane. Her er eit døme; Det er eit aktivt skimiljø i både Høyanger og Sunnfjord. Studer gjerne kart og ta med iskast med radius på 400-600 meter. Tenk over kva følgjer det vil få om fjellheimen vert stengt delar av vinterhalvåret grunna fare for iskast.

Det er viktig å forstå konsekvensane eit vindkraftanlegg vil påføre utsette eigedomar. Erfaringar frå andre stadar, har gjort til at det kan lagast truverdige støysonekart, som viser at støy vil råke mange eigedomar. Min eigedom er i gul sone. I gul sone er ikkje bustad- og fritidsbebyggelse tillatt utan avbøtande tiltak. I tillegg vil det og bli eit stort verditap. For meg er det uaktuelt å ofre dette for ein feilslege politikk og eit udemokratisk maktpress. Det vil eg tru også gjeld for andre som har utsette eigedomar. Dei som er positive, vil ha ein jobb med å sette seg inn i konsekvensane for erstatningsansvar. I det reknestykket må dei og ta med resten av Høyangerfjella. For vindkraftselskapet Fred. Olsen Renewabels er klare til å slå til med sin vindkraftplan. Utover mot Lavik, Hyllestad og Fjaler, har vindkraftselskapet Zephyr forsøkt seg, men vart på riktig vis avvist av innbyggjarane. Likevel vil ei vindkraftutbygging på Snøheia og fjella rundt, opne opp for omkamp der og andre stadar i fylket og landet.

Uavhengig om denne saka vert avgjort om eitt, fem eller ti år, vert lokalsamfunna skadelidande. Kostbare jordskiftesaker vil bli gjennomførde. Dei som ikkje har gjort avtale med vindkraftselskap, må sjølv dekke kostnadane. Samhaldet i lokalmiljøa vil bli utfordra, og det er dømer der det har gått gale. Slike sår kan henge att i generasjonar.

På kostnad av jaget etter økonomisk vekst og auka forbruk, etterlet vindkraftbransjen seg øydelagd natur og trasige sår lokalt. Så temaet vindkraft vil forståeleg nok bli veldig aktuelt i komande val.