Lokal kraft for sterke lokalsamfunn


I eit innlegg i Ytre Sogn 10. januar skriv Ingunn Kjelstad og Albert Berveling at Hydro ikkje har svart på deira innlegg om at kraftkrevjande industri og vindkraft ikkje passer saman. Samstundes tar skribentane opp att tidlegare påstandar.


Vi har i fleire lesarinnlegg forklart kvifor vindkraft og vasskraft saman gir eit solid grunnlag for industriproduksjon, som til dømes produksjon av aluminium. Langsiktig krafttilgang til føreseieleg pris er viktig for Hydro, for våre lokalsamfunn og for våre investeringar i å fornye våre anlegg. Hydro har over 100 års erfaring med eigen vasskraftproduksjon og dei siste 10 åra har vi også aukande erfaring frå vindkraft, som utbyggjar, operatør og som kjøpar av kraft frå vindparkar til industriproduksjon.

Vindkraft og vasskraft i kombinasjon kan godt nyttast til industriproduksjon, fordi vi kan balansere med eigen eller kjøpt vasskraft i periodar med lite vind. Dette kan svinge på kort sikt, men rokkar ikkje ved at vi over året har føreseieleg og stabil krafttilgang til aluminiumproduksjon. I dag står vindkraft for kring 25 prosent av krafta Hydro nyttar til produksjon av aluminium i Noreg.
 
Hydros styrke er kompetansen til å handtere desse variasjonane, gjennom kunnskap og erfaring. Skribentane sine påstandar om at Hydro ikkje kan drive aluminiumproduksjon med vindkraft blir ikkje meir sanne om dei blir gjentekne i nye lesarinnlegg.


Skribentane peiker også på fråfall av kraftproduksjon ved vindparken Markbygden ETT i Sverige og kallar det sjølvmotseiing. Også her er det ei mistyding av situasjonen, der problemene ved vindparken i Sverige skuldast særskilde høve, og ikkje kan gjerast generelle for all vindkraft. Dette er no tema i svensk tingrett og Hydro ynskjer at kontrakten skal gjennomførast.
 
Mellombels fråfall av kraft gjev Hydro auka kostnader, fordi me må kjøpe meir dyr kraft i den kortsiktige marknaden i staden for føreseieleg kraft på lange kontraktar. Vårt budskap til Hydro-ansatte og lokalsamfunn er at dette på kort sikt ikkje vil verke inn på vår produksjon i Norge. Dersom resultatet frå svensk tingrett skulle bli at kraftvolumet fell bort i heile kontraktsperioden, noko som enno ikkje er fastsett, vil det auke behovet vårt for langsiktig krafttilgang og nye kraftkontraktar tilsvarande – ikkje redusere det. Dette er ikkje sjølvmotseiing, men fakta.
 
Utan innsikt i Hydros eigne vurderingar om prosjektet har skribentane også på våre vegne meiningar om kraftpriser, kva som er mogleg og kva som ikkje er mogleg for Hydro. Vi vil naturleg nok ikkje setje i gang kraftutbygging, dersom kraftkostnaden blir for høg. Derfor ynskjer vi ei konsekvensutgreiing for å få fram samla faktagrunnlag for å vurdere om det er grunnlag for vidare arbeid mot ei vindkraftutbygging.


Konklusjonen i innlegget er også vanskeleg å forsvare. Vasskrafta har alt høg verdi, og skattesystemet syt for at størsteparten av desse verdiane kjem folk til gode, gjennom skattar og offentleg eigarskap.


Industrien i Norge har i meir enn 100 år foredla norske naturressurser, skapt lokalsamfunn og arbeidsplassar. Det ynskjer Hydro å fortsetje med.

Halvor Molland
Informasjonsdirektør i Hydro