Kanskje ligg det til rette for ein liten revolusjon i måten vi tenkjer utdanning på i distrikta. Studiesenter Kysten er klare for å gje kompetanseauke og utdanning i distrikta på ein måte som aldri er gjort før.
Studiesenter Kysten:

Klare for å endre måten vi tenker utdanning i distrikta: –⁠ Ropar etter kompetanse

Med fem studiesenter i seks kommunar har Studiesenter Kysten planar om å endre måten vi tenker utdanning i distrikta.


Rekruttering og kompetanse er to av stikkorda som går igjen gang på gang når det er snakk om næringsutvikling både i Høyanger og Hyllestad. Reidar Grønli frå Høyanger står i spissen som prosjektleiar for Studiesenter Kysten, og med seg har han ein heilt ny måte å tenke utdanning på.

– Vi har industri, vi har havbruksnæringa, og vi har andre bransjar i regionen som ropar etter kompetanse, seier Grønli til Ytre Sogn.

Med konseptet Studiesenter Kysten er tanken no å skape denne kompetansen i regionen, rett inn i bedriftene og hos dei tilsette. Har bedrifta bruk for ein spesiell kompetanse, kanskje noko som normalt er ein del av ei høgare, mangeårig utdanning?

Kanskje vil ein tilsett bygge på ei allereie eksisterande utdanning med noko eittårig frå eit universitet fordelt over to år?

Eller kanskje treng ein berre eit kurs ein normalt måtte reist langt fleire gongar for å kunne vere med på.

Alt dette vil no bli mogleg gjennom Studiesenter Kysten. Og ikkje minst, du kan gjennomføre alt i kommunen du bur i.

Det er kommunane Kinn, Askvoll, Høyanger, Solund, Fjaler og Hyllestad som er med på prosjektet som er eigd av Aksello. Reidar Grønli frå Høyanger er pensjonert rektor frå Fagskulen i Førde, og tilsett som prosjektleiar.

Kompetansekoordinator
Pengane kjem frå Vestland fylkeskommune og Sparebankstiftinga, og har så langt vore i form av prosjektmidlar. Dette blir nok også prosjektmidlar i alle fall i ein omgang til. Men i fylkeskommunen sine korridorar ønsker dei at dette skal bli ei fast løyving i Vestland fylkeskommune sine budsjett.

Det blir ei politisk sak når den tid kjem, men dette er akkurat den type konsept som Hurdalsplatformen vil legge til rette for. Liknande konsept andre stadar i landet ligg allereie som postar rett i statsbudsjettet.

I Høyanger er det Høyanger Næringsutvikling (HNU) som er hyra inn som ansvarleg for huben i kommunen, og i rolla som det dei så fint har kalla «kompetansekoordinator» har dei tilsett Aina Drage.

– Dette er nytt, det er spennande og grunntanken er veldig god, seier Drage til Ytre Sogn.

Reidar Grønli er prosjektleiar og Eina Drage er nytilsett som kompetansekoordinator i Høyanger.
Merkedag

Ho og Reidar Grønli møter Ytre Sogn i det som var dei første lokala til ein utdanningshub i dette formatet her omkring, på Fundo i Høyanger. No har møterommet som studentane hadde tilgang til blitt tatt over av Hydro i høve bygginga av det nye resirkuleringsanlegget.

Når huben på Fundo vart opna, var det med både ordførar Petter Sortland og fylkesordførar Jon Askeland på plass. Askeland la ikkje noko i mellom når han skulle beskrive moglegheitene som følgde med denne type utdanningskonsept.

– Dette er ein stor, stor merkedag for Vestland. Utdanningshuben er noko som utfordrar utdanningsinstitusjonane rundt om kring, og lukkast dette så vil dette vere starten på ei utrulling vi vil sjå i heile fylket.

Og no har ein altså tatt steget vidare i aller høgste grad, med studiesenter i felles regi frå Måløy og Florø til HAFS-kommunane og Høyanger. 

Kor dei nye utdanningslokala i Høyanger blir er enda ikkje avklart. Drage fortel at det blir sett på fleire alternativ i Høyanger sentrum. Framfor seg har ho no eit arbeid med å kartlegge behova i kommunen, finne dei bedriftene som vil investere i kompetansen til dei tilsette, og nytte seg av tilbodet til studiesenteret.

– Det skal ikkje vere eit hinder for utdanning og kompetanseheving å bu i distrikta. Vi kan hente kompetanse og skreddarsy opplæringa etter det dei enkelte bedriftene ønsker og treng. Ein treng ikkje ta ei heil utdanningspakke, ein kan bygge opp kompetansen stein for stein, forklarar Drage.

Ordførar i Høyanger, Petter Sortland, og fylkesordførar Jon Askeland, opna huben i Høyanger i oktober 2021. Reidar Grønli står til høgre og ser på.
– Heilt suverent

I ryggen har ho altså HNU og næringssjef i Høyanger kommune, Ingrid Heggø. Ho skal vere med både på kartlegginga og bedriftsbesøk i vekene framover. Ein del fristar for å komme seg inn i utdanning til hausten byrjar allereie å nærme seg.

– Vi skal på ein liten kommune-turné med besøk på sørsida, i Lavik og Vadheim. Det blir fellesmøter på same måte som vi har hatt i Høyanger tidlegare, seier Heggø til Ytre Sogn.

Også næringssjefen ser eit enormt potensiale i å kunne tilby høgare utdanning i kommunen, og meiner konseptet også kan brukast som ein del av rekrutteringa.

– Det er heilt suverent. Endeleg får bedriftene anledning til å ha høgare utdanning i sin nærleik, i sitt lokalmiljø. Dette er noko som vil vere eit pluss for oss i rekrutteringssamanheng, og også når det kjem til bu- og blilyst i kommunen. Dette brukar vi no bevisst ut mot bedriftene.

Og ho seier tilbakemeldingane frå bedriftene har vore udelt positive. For det er også slik at skal Studiesenter Kysten bli ein suksess som etablerer seg som eit fullgodt alternativ til dei sentrale utdanningsinstitusjonane, så må også dei lokale bedriftene hive seg på.

 – Det er denne skreddarsaumen som gjer det unikt. Ein kan ta den utdanninga ein treng effektivt, og ikkje alt det andre, seier næringssjef i Høyanger kommune, Ingrid Heggø.
Supplement

Reidar Grønli er klar på at dette ikkje skal vere noko som er i konkurranse med campusa i Sogndal, Bergen og andre stader, men eit supplement. Ein vil finne dei som normalt sett ikkje ville tatt utdanning, anten det er fordi ein allereie er etablert med familie, er i fast jobb, eller andre grunnar.

Desse grunnane for å ikkje ta utdanning forsvinn fort om ein kan gjere det ein kort køyretur unna, i staden for å måtte flytte til sentrale strøk med universitet og høgskular.

– Dette er ikkje i konkurranse med campusa rundt om kring, dette er i tillegg til dei tilboda, eit supplement. Ein kan ta etter- og vidareutdanning samtidig som ein jobbar. 

Han nemner åra med pandemi som utløysande for den etableringa som no kjem. Dette var også noko han tok opp når utdanningshuben i Høyanger opna for over to år sidan.

– Det er litt stygt å seie det, men på ein måte er eg litt glad for koronaen. Utan den hadde det aldri blitt aksept for den digitale tankegangen som gjer dette mogleg, sa Grønli den gong, og han seier det igjen.

Dei erfaringane vi gjorde oss under det som ikkje kan kallast anna en tvangsdigitalisering under pandemien, med fjernmøter og undervising over nett, gjorde at vi hoppa over mange år med modning og aksept for denne måten å jobbe og utdanne seg på.

Tilpasse delkompetanse
Men sjølv om målet med studiesentera aldri var å stele studentar frå byane, er det ikkje berre dei som vil drive med i etterutdanning medan dei jobbar som vil ha nytte av hubane. Dei som ønsker høgare utdanning etter dei er ferdig med vidaregåande, men som ikkje har noko ønske om å flytte på seg – dei vil no kunne gjere dette, anten ein bur i Høyanger sentrum, i Frivika – eller på Sørbøvåg i Hyllestad kommune.

Kommunedirektør i Hyllestad, Gjermund Flage, meiner også at dette prosjektet er veldig spennande.

– Vi hadde Reidar på besøk på kommunestyremøtet før jul med ein veldig god presentasjon av prosjektet. Både politikarane og eg er veldig begeistra for kva dette kan bli. Om vi både kan få folk som bur i kommunen til å ta meir utdanning, eller om studentar som skriv masteroppgåver kan sitte i studiesenteret i heimkommunen i feriar eller i periodar, så er det udelt positivt slik vi ser det. Og så kan ein tilpasse delkompetanse til bedriftene, seier Flage til Ytre Sogn.

Han er spent på i kva grad bedriftene vil nytte seg av dette, men som arbeidsgjevar for 150 årsverk i kommunen seier han at dei kjem til ta i bruk dei moglegheitene som no kjem.

– Kommunen er ei av dei største bedriftene i Hyllestad, og vi ser absolutt at dette er noko vi kjem til å nytte oss av. Med dei moglegheitene ein har for å skreddarsy tilbodet etter dei behova vi har så er det her mange kombinasjonar ein kan tenke seg.

– Både politikarane og eg er veldig begeistra for kva dette kan bli, seier kommunedirektør i Hyllestad, Gjermund Flage.
Skreddarsaum

Og ordet «skreddarsy» går igjen i alle Ytre Sogn pratar med om Studiesenter Kysten. Å kunne skreddarsy utdanningar etter behova. Modulbaserte studie.

– Det er denne skreddarsaumen som gjer det unikt. Ein kan ta den utdanninga ein treng effektivt, og ikkje alt det andre, meiner Heggø.

– Uansett kva fagfelt ein jobbar innan, industri, teknologi, helse, når ei bedrift har eit kompetansebehov og finn dei tilsette som kan tenke seg å få denne kompetansen, så kan vi skreddarsy, seier Drage.

I Leirvik i Hyllestad sit Arlen Solheim og Laila Johannessen i det som skal bli studiesenteret i Leirvik Senter.

Arlen Solheim har jobba med omstillingsprosjekta i Hyllestad kommune, Laila Johannesen har vore næringskoordinator i Hyllestad. Ein finn nok ikkje nokon med betre kompetanse til å utføre arbeidet med «kompetansekoordinering» i området enn nettopp dei to.

Arlen Solheim, Laila Johannesen og Christian Vik. Tilsaman dekker dei Solund, Hyllestad, Askvoll og Fjaler.Kartlegge behova
Solheim er kompetansekoordinator for Askvoll og Fjaler, medan Johannessen har same stilling for Hyllestad og Solund. Studiesenteret i Leirvik Senter er allereie oppe og går og kan ta i mot studentar allereie no. Men for koordinatorane er det eit formidabelt arbeid med å kartlegge behova i deira nedslagsfelt som er førsteprioritet.

– Det er viktig å gjere tilbodet kjent for bedriftene og kartlegge behova dei har best mogleg. Vi er klare til å byrje med ein gang, og vil sjå på det mest lågthengande først. Det vil sei å bruke dei utdanningane som allereie finst, og knytte næringslivet i området opp mot utdanningsinstitusjonane, seier Johannessen til Ytre Sogn.

Solheim fortel at bedriftsleiarar allereie har vore i kontakt med dei om nye teknologiar ein ønsker å ta i bruk. Det handlar til dømes om AI eller om kompetanse knytt til berekraft.

– Det gjeld å finne ut kva dei treng no, og ikkje minst kva ein treng både to og tre år fram i tid.

Men dei to er ikkje aleine, og har fått med seg Christian Vik frå Akvahub med på laget. Han skal bidra med sin kjennskap til havbruksnæringa og akademia, og som prosjektleiar i Akvahub har han allereie arbeidd med prosjekt knytt mot utdanningsinstitusjonar.

Tanken er å skape røter heilt inn i den vidaregåande utdanninga i området i høve havbruksnæringa. Dei to koordinatorane fortel at Vik er den perfekte personen til å sende på bedriftsbesøka i nettopp den bransjen.

Og med studiesenteret i Leirvik rett over gangen til kontora, og kompetansen, til Akvahub, kan dette vere ein perfekt stad å både få hjelp i ei utdanning og bygge nettverk.

Studiesenteret, eller huben, i Hyllestad er allereie klar til bruk. Her kan studentane med anna nytte seg av dette møterommet, og kompetansekoordinatorane er opptekne av at det oppstår levande studentmiljø i distrikta.Studentmiljø og modning
Alle tre er opptekne av at lokala skal få eit levande studentmiljø som ein aldri før har kunne førestilt seg i distriktskommunar.

– Det er ein del som sit i kommunen med fjernstudiar, og dei sit gjerne ved kvart sitt kjøkkenbord. Alle dei som allereie er studentar er velkomne på studiesenteret. Dette skal bli ein stad å gå til og samlast, og ein vil kunne skape seg eit studentmiljø her i andre etasje på Leirvik Senter, seier Johannessen.

Ho seier at å ha eit slikt miljø er noko som styrker gjennomføringsevna til dei som studerer. Men dei er også opptekne av at når informasjonen er ute, og bedriftene kjenner til kva moglegheiter dei no vil ha når det kjem til utdanning og kompetanseheving hos dei tilsette, så må det modnast.

Å utdanne dei tilsette er sjølvsagt ikkje utan kostnad og ein ny kultur i næringslivet på å bygge på kompetansen – med det det krevst av investering – kjem ikkje over natta.

– Vi skal få informasjonen ut og vi har mykje som må kartleggast. Og så er det mykje som skal modnast. Dette er ting som bedrifter må få tenke på ei stund, tenke først og så gjere det, seier Johannessen.

Men studiesentera står no klare for å sørge for at ei slik investering i kompetanse løner seg, at ein kan få relevante utdanningar, kunnskap, kurs eller kva det måtte vere. Og ein kan få det enkelt, tilpassa og der ein bur. Og med på kjøpet vil det komme studentmiljø.

– Det kostar å utdanne folk, så difor ønsker vi å treffe godt, seier Vik.

Alle Ytre Sogn har snakka med har fått det same spørsmålet: Kan dette revolusjonere måten vi tenkjer utdanning på i distrikta?

Alle har utan å tenkje seg om svart ja på dette spørsmålet.