Villgeitene på Kvist blir no nasjonal politisk sak, etter at Raudt la fram eit forslag om å overstyre Mattilsynet si avgjersle om å avlive dyra.
Villgeitene blir sak i Stortinget:

Artist lovar å kjøpe skilt om dei får leve

Raudt har fremja forslag i Stortinget om å overstyre Mattilsynet når det kjem til ei avliving av geitene på Kvist. Da får dei sponsa skilt av lokal artist.


Villgeitene på Kvist har lev på lånt tid, i alle fall om det går slik Mattilsynet meiner det bør gå. 1. januar 2026 er fastsett som domedag for dyra som har levd fritt på Kvist mellom Nessane og Lånefjorden i over 80 år.

Men no har også Stortingspolitikarar engasjert seg i saka. Onsdag la Raudt inn eit forslag om å overstyre Mattilsynet sitt vedtak om å avlive geitene, og ein musikar frå Balestrand tek på seg mykje av ansvaret for at saka no kjem opp for dei nasjonalt folkevalde.

Trudde det var tull

Kvelden etter at Mímir Kristjansson, Sofie Marhaug og Tobias Drevland Lund (R) la fram forslaget i Stortinget, sette Per Áki Sigurdsson Kvikne, også kjent under artistnamnet Kjartan Lauritzen, seg bak tastaturet og fortalde sin versjon av korleis saka no har hamna i Stortinget.

Dagen etter eit bryllaup vart han gjennom ein kamerat introdusert til stortingsrepresentant og felles halv-islending i Mímir Kristjansson. Praten kom inn på dei etter kvart så berømte villgeitene på Kvist.

– Lasse og Mímir hadde begge høyrt om sakene, og så sa plutselig sistnevnte at «villgeitene kan me jo prøva å redda» med si velkjente Stavanger-dialekt. Eg trudde først han tulla, skriv Sigurdsson Kvikne på si Facebook-side.

Men det var ikkje tull, og kvelden utvikla seg til å bli både fuktig og med eit engasjement for dyra som tuslar rundt på Kvist utan å vite kva eksistensen deira har sett i gong av rørsle i hovudstaden.

– Plutseleg kom fleire politikarar og det einaste alle snakka om heile kvelden var villgeitene på Kvist. Plutseleg var eg invitert til Stortinget på lunsj, og plutseleg kom løfter om at dette var noko som skulle bli tatt opp.

Per Áki Sigurdsson Kvikne, også kjend som Kjartan Lauritzen, fortel om si rolle når geitene no blir sak i Stortinget, og lovar å kjøpe skilt til Kvist om dei får leve vidare.
Har eit håp grunna situasjonen i Stortinget

No er altså forslaget komme på plass i Stortinget, og stortingsrepresentant for Raudt, Sofie Marhaug, fortel at det vart god stemning da forslaget vart lagt fram onsdag.

– Dette kom rett etter at Høgre hadde lagt inn eit forslag om å stramme inn innvandringa. Da var det fint å kunne komme med eit meir livsbejaande forslag. Eg merka at det vart god stemning i salen, og eg har fått gode tilbakemeldingar frå andre parti på dette, seier Marhaug til Ytre Sogn.

Det er sjølvsagt langt fram frå eit forslag blir fremja i Stortinget til eit mogleg livreddande vedtak om villgeitene på Kvist. Men Marhaug har eit håp om at den nye parlamentariske situasjonen i Stortinget som følge av at Senterpartiet gjekk ut av regjering no kan redde dyra.

– Vi ser at fleire politikarar har uttalt seg om saka, og vi ser og eit tverrfagleg politisk engasjement lokalt. Dette engasjerer mange, og vi har blitt kontakta om dette. Da nyttar vi høvet no til å fremje dette, og har litt meir håp grunna den nye parlamentariske situasjonen. Så vi er litt optimistiske.

Stortingsrepresentant for Raudt, Sofie Marhaug, vil ikkje berre redde Snøheia, og seier ho har eit håp om at situasjonen i Stortinget no kan redde villgeitene på Kvist.

Får støtte frå SV

Vibeke Johnsen (SV) seier til Firda at ho har fått lovnadar frå partikollega og stortingsrepresentant Kari Elisabeth Kaski om støtte i denne saka.

– Dette er ei sak som engasjerer mange. Vi tykkjer det er viktig å bruke offentlege midlar på ein god måte, og vi håpar det lokale engasjementet blir lagt vekt på. Den dyreflokken ser ut til å ha det bra. Vi håpar geiteflokken vinn, seier Johnsen til Firda.

Samtidig lovar Sigurdsson Kvikne at han skal ordne med skilt i fleire retningar på Kvist om det kjem eit vedtak i Stortinget på at geitene får leve vidare.

– Om dei får leva skal eg personleg betale for fareskilt for geiter på kvar side av Kvist og eit stort informasjons-skilt om geitene på ein rasteplass i nærleiken for å heidre desse nydelege dyra, skriv han på Facebook, og legg til at han sjølvsagt må få lov av Vegvesenet.