Å kunne gå på kulturkafé, senke skuldrane og berre ta imot det eine flotte innslaget etter det andre, må vere beste måten å starte påskeferien på.
Stort aldersspenn
Kor som helst og Harald Dahlstrøm opna det heile med signaturlåten «Magic moments» med Arild Raasholm som solist. Det var nettopp magiske augneblinkar dei ønskte å skape denne regnvåte palmesøndagen. Den yngste deltakaren var Selma Fredriksen Mitchell på piano. Ho spelte Passacaglia av Händel og She frå filmen Notting Hill, der pianolærar Harald Dahlstrøm hadde gitt henne nokre utfordringar som ho takla veldig bra. Han som trona øvst på aldersstigen var Knut Henning Litsheim, som denne gong song både Evert Taube sin hyllest til Stockholm og Erik Bye sin Vårherres Klinkekule. Med si mangeårige erfaring, formidla han songane på ein framifrå god måte.Heim til påske
Dei tre andre gjesteartistane har alle bakgrunn og røter frå Høyanger kommune og var heime på påskeferie. Dermed fekk Harald Dahlstrøm dei med på konserten, noko som berika alle dei frammøtte. Jenny Torvund var først i elden med stor variasjon i sine tre songar. Både Vår beste dag av Erik Bye, They all laughed av George Gershwin og Danse mot vår av Rolf Løvland blei framført med sjel og vakker utstråling. Amalia Smelvær song to songar av Lizzy McAlpine; To The Mountains og Pancakes for Dinner. Desse songane var perfekte til Amalia si djupe, varme stemme. Ho avslutta med ein song av Adele. Den siste som var heime på ferie var Thea Gunnarskog som har franske songar som sin spesialitet. Først Edit Piaf sin Non, Je ne regrette rien. Deretter Jaques Brel sin Ne me quitte pas. På La Vie un rose fekk ho assistanse frå koret, der både Siri Seljeset Ommedal og Arild Raasholm hadde parti med engelsk tekst. Også publikum fekk vere med.

