I fjor spelte Bjørn Tomren på Vaimamarknaden. I år er han eit av tretten namn på plakaten til Balejazz.

Programmet for årets Balejazz er klart

Sigvart Dagsland og Karoline Krüger vil opne årets Balejazz. Så kjem det fleire folkekjære artistar på rad og rekkje.


Årets Balejazz vil gå av stabelen i Balestrand 2. - 3. mai, og ifølge arrangøren vil det bli stor breidde i programmet både musikalsk og geografisk.

– Det blir hardingfele, el-gitar og kontrabass. Det blir stor stemmeprakt. Det blir «Stjernekamp»-stjerne. Det blir rockabilly. Det blir improvisasjon. Det blir Al Jarreau. Det blir acid og funk. Og det blir full yacht-rock-fest, seier den begeistra festivalgeneralen Sigurd Kvikne i ei pressemelding. 

– Eit veldig godt program

Balejazz 2025 blir som vanleg ein fest for dei fleste musikksmakar.

– Eg ser sjølv fram til konserten med Rebekka Bakken. Ho er kanskje meir kjend i utlandet enn i Norge. Så er det moro at Real Ones feirer 25-årsjubileum hos oss, og at vokalfenomenet Bjørn Tomren kjem til Balestrand.

Kvikne dreg og fram stjernepianisten Tord Gustavsen, og vår lokale sangstjerne Einar Bolstad.

– Fagernes Yacht Club kjem også hit med sin yachtmusikk med blåsarrekkje og fullt trøkk. Det blir moro!

Det blir i tillegg til dei ordinære konsertane også som vanleg gratiskonsert i hotellhagen i Balestrand midt på laurdagen.

  Årets Balejazz-artistar

  • Sigvart Dagsland & Karoline Kruger
  • Tord Gustavsen
  • Erlend Viken Trio
  • Real Ones
  • Fagernes Yacht Club
  • Einar Bolstad & Inge Ronny Kvåle
  • Rebekka Bakken
  • Trygve Seim & Frode Haltli
  • Bjørn Tomren
  • Twang Gang
  • Håkon Kornstad Trio
  • Call me Al
  • D’Sound