Teater Vestland si oppsetting av stykket «Vestlandet», basert på boka til Erlend O. Nødtvedt frå 2017, skal spelast på dei minste spelestadane til teateret. Ein av desse stadane er Åfjorddalen Bygdehus, og sidan denne turnéen er ein del av Lys i Bygda prosjektet til teateret der SpareBank 1 Sogn og Fjordane har gått inn med ein million i støtte, fører det og til klingane mynt i kassa til det lokale ungdomslaget.
– Grendehusa har søkt om å få vere arrangør og beheld billettinntektene under denne turnéen, medan teateret blir kompensert av eit billettfond sponsa av banken. Billettinntektene går altså uavkorta til grendehusa, skriv Teater Vestland i ei pressemelding. Det er ein gest leiar Agnete Solheim i Åfjorddalen Ungdomslag set pris på, og ho håpar mange vel å ta turen til bygdehuset deira torsdag kveld. – Vi har hatt eit samarbeid med Teater Vestland i tre år no som spelestad, og det varierer kor mange som kjem på framføringane deira. Det er nok mellom 10 og 30 som er det normale. Solheim har tru på at «Vestland» vil appellere til eit lokalt teaterpublikum. – Det har kanskje vore ein tendens til at det er dei mest sære oppsettingane som har kome til oss, men «Vestland» er nok eit stykke som mange kan ha glede av å sjå. Solheim, som sjølv er aktiv i teatermiljøet i Åfjorddalen, er glad for samarbeidet med Teater Vestland, men fortel at det og krev ein god del frå ungdomslaget å vere teatervertar. – Vi må stille med to personar på dagtid på torsdagar til å hjelpe til når teateret kjem med sitt, noko som ikkje alltid er like lett å få til, og så må vi stille med folk under sjølve framsyninga og passe på at lokala er klare, samt henge opp plakatar og dele ut flygeblad. Men det er kjekt å ha teater som eit aktivitetstilbod her, så det er ein dugnadsinnsats vi er villige til å legge ned.