Det har no gått over fem år sidan Firda Seafoodgroup kjøpe tomta på Eide frå Hyllestad kommune med planar om å bygge ein landbase på staden. I 2021 var det folkemøte om Eide hamn på Sørbøvåg.
Sidan den gongen har innbyggjarane på Eide krangla med kommunen om planane.
Statsforvaltar stoppa første forsøk
Søker ein på Eide hamn i Hyllestad kommune sine postlister får ein opp ti sider med treff. Det har nok ikkje heilt gått heilt som Firda Seafoodgroup hadde tenkt da dei kontakta kommunen i 2019 med spørsmål om å kjøpe tomta på Eide. Lokalbefolkning og andre interessentar på staden kom raskt på bana med innseiingar. Allereie før tomta var seld kom protestane, først på salet i seg sjølv, så i høyringsrunda og på folkemøtet. Men reguleringsplanen for Eide hamn vart likevel vedteken, tilbake i november i 2023. Det vedtaket vart klaga på, noko kommunestyret i Hyllestad avviste. Da gjekk klaga til Statsforvaltaren, og over eit halvt år seinare kom tilbakemeldinga. Statsforvaltaren meinte at vedtaket ikkje var godt nok utgreidd, og oppheva vedtaket. Dermed måtte kommunen greie ut saka på nytt.Ikkje tillit til prosessen
Så spolar vi fram til november i 2024. Saka er på ny utgreia, og klar til behandling i kommunestyret. Men det vart heller ikkje beint fram. Senterpartiet, som i avstemmingane i saka fram til no har vore imot planane slik dei har låge føre, var ikkje nøgd med den nye saksutgreiinga heller. Det gjekk så langt at kommunestyremedlemmet frå Senterpartiet, Dag Ove Austgulen Myklebust, sa at han ikkje hadde tillit til administrasjonen si handsaming av saka. Austgulen Myklebust peika på fleire punkt han meinte var unøyaktige i saka, og sjølv om desse vart retta i møtet, valde han likevel å stemme imot planen. – Det går på heile prosessen, og ikkje direkte på administrasjonen. Det er prosessen rundt denne reguleringsplanen eg har dårleg tillit til, sa Austgulen Myklebust til Ytre Sogn etter møtet.
Ny runde med klagar
Men planen gjekk likevel igjennom, mot Senterpartiet sine stemmer, og ikkje overraskande kom det også denne gongen klagar på vedtaket. Og det er dei klagene som no skal handsamast i kommunestyret. I høve vedtaket i saka frå november i fjor hadde kommunestyret også hyra inn Akvahub til å lage ein rapport på alternativ lokalisering av landbasen, og den rapporten konkluderte med at det ikkje var nokon betre stadar i kommunen til dette enn nettopp Eide hamn. Ifølge klagarane er denne lokalitetsanalysa feil, og ikkje god nok til å fatte vedtak på. – Kommunedirektøren vurderer at svar frå rapportskrivar knytt til blant anna biosikkerheit og naturmiljø, synleggjer kor komplekse tema dette er, og at det alltid kan vere knytt usikkerheit og ueinigheit knytt til faglege vurderingar. Kommunedirektøren vurderer at poenggjevinga og konklusjon er ei fagleg vurdering gjort av rapportskrivar, og kan ikkje sjå det er grunnlag til å avskrive denne, svarar kommunedirektør Gjermund Flage i sakspapira til kommande kommunestyremøte.