Raset på fylkesveg 55 mellom Hovdetunnelen og Kvernhaugtunnelen utanfor Høyanger gjekk like før kl. 14.30 i dag laurdag. (Foto: Privat)
Fylkesvegen er no opna igjen

Ras på fv. 55 i Høyanger

Store steinar blokkerte fylkesveg 55 mellom Hovdetunnelen og Kvernhaugtunnelen laurdag til søndag. Steinane er no fjerna, og vegen opna igjen.


Video frå Isabel Skau Pettersson tatt av rasområdet kl. 17 laurdag. Ein kan høyre Jonas Haugsbø og Sivert Haugsbø snakke om raset på klippet.
Like før kl. 14.30 laurdag gjekk det eit ras på fylkesveg 55 utanfor Høyanger, og vegen vart stengt grunna at det låg fleire store steinblokker i vegbana.

Det vart sett inn båt mellom Nordeide og Høyanger laurdag kveld og søndag morgon.

Straumen i Høyanger gjekk også i samband med raset. Ifølge BKK sitt straumbrotskart var 370 av deira kundar råka av straumbrotetfram til feilen vart retta rundt kl. 17.20.

Straumen gjekk i Høyanger som følge av raset. (Skjermbilde: geonis.bkk.no)

Det var mange augevitne til raset. (Foto: Privat)