Utkant-festivalen får meir i støtte


Utkant-festivalen i Skjerjehamn har fått 225.000 kroner i støtte frå Norsk kulturråd for 2017. Det er 50.000 meir enn dei har fått tidlegare.

Festivalsjef Viggo Randal (t.v.) er glad for tilskotet på 225.000 kroner frå Norsk kulturråd. T.h. Terje Steine Mjøs, også han frå Utkant. (Foto: May Britt Eide)

– Det å få festivalstøtte er ikkje berre ei kunstnerisk anerkjenning av festivalen. Denne støtta skapar eit økonomisk fundament som også er med å sikre musikalsk breidde, kvalitet og - ikkje minst - gjer at vi kan halde festivalen på ein storleik vi ønskjer, seier festivalsjef Viggo Randal til Ytre Sogn.

Det var i møte i Norsk kulturråd fredag at til saman 57,3 millionar kroner vart fordelt til 111 musikkfestivalar over heile landet for 2017. Dei fekk inn ialt 166 søknader, om totalt 130 millionar kroner.

Slite økonomisk

I Sogn og Fjordane var det ialt tre festivalar som fekk støtte; Målrock i Årdal vart tildelt 100.000 kroner, Balejazz i Balestrand 200.000 kroner - og altså Utkant i Gulen 225.000 kroner. Det er 50.000 meir enn dei har fått tidlegare.
Og det kjem godt med når ein veit at festivalen, som i fjor hadde 10-årsjubileum, har slite økonomisk. Spesielt 2015 vart eit tøft år for Utkant, skal vi tru avisa Nordhordland, blant anna på grunn av høge transportkostnader, med festival over fire dagar og båt til og frå Bergen kvar dag. Dei gjekk også glipp av over 400.000 kroner i momskompensasjon, og 2015 enda med eit negativt driftsresultat på vel 700.000 kroner. Utkant har difor teke fleire grep, med blant anna færre dagar med festival og båttransport.
Elles får dei også 75.000 kroner i årleg støtte frå Gulen kommune dei neste åra.

Første artistane

Og ifølgje Randal går det no rette vegen.

– Økonomi er noko vi har jobba hardt med, for å sikre ei god drift, og føler at vi no er i rute, seier festivalsjefen til Ytre Sogn.

Han fortel også at dei første artistane er stadfesta klare for neste års Utkant, som til liks med i 2016 går over tre dagar.

– På booking er vi i rute og sonderer etter namn, og har allereie ein del på blokka, seier Randal.
Elles slapp dei Hellbillies og Sigrid Raabe no før jul, noko han meiner viser spennet i programmet. Det veletablerte bandet frå Ål i Hallingdal har vore ønska av Utkant-publikummet sidan oppstarten, medan Raabe er ein ny, spennande artist frå Bergen.

– Og vi kan garantere fleire sterke namn i tida som kjem fram mot festivalen, seier han.