Millionstøtte til HNU og Grøn Hub Høyanger

Høyanger Næringsutvikling (HNU) har fått to millionar frå Vestland fylkeskommune til å vidareutvikle Grøn Hub Høyanger.


Midlane som kjem gjennom ordninga «Tilskot til berekraftig verdiskaping 2023» skal nyttast til å tilsette ein person i den grøne huben i Høyanger i eit treåring prosjekt. Næringssjef Ingrid Heggø i HNU er svært glad for å ha fått full pott under tildelinga.

– Vi fekk den største tildelinga av dei 22 som fekk midlar, og vi fekk heile søknadssummen. Det gjorde vi sist også, då vi søkte om 400 000 til å etablere huben. Det var veldig kjekt å lese i tilsagnsbrevet at fylket såg at vi trengte dei midlane vi søkte om, og at Høyanger har utmerka seg med stor gjennomføringsevne, og at dette er noko av bakteppet for det positive utfallet. 

Nytilsetting
No skal styret i HNU formelt avgjere kva midlane skal nyttast til, men det ligg ifølge Heggø i korta at ein person vil bli tilsett gjennom HNU til å drifte Grøn Hub Høyanger gjennom ei prosjektstilling.

– Denne styrkinga av den grøne huben er gull verdt for oss, og eg trur vi fort vil sjå ringverknadar av dette i heile kommunen. Til no er det Tommy Ølmheim hos oss som har gjort brorparten av arbeidet i den grøne huben, og han har gjort ein kjempejobb. Om vi får på plass ein ny prosjektmedarbeidar her vil det kunne frigjere kapasitet hos Tommy, men personen som kjem inn vil sjølvsagt jobbe svært tett med oss i HNU.

Ei viktig oppgåve for den nye medarbeidaren blir å sjå dei industrielle symbiosane som det blir jobba med i Grøn Hub Høyanger i samanheng, slik som betre utnytting av fjernvarme frå Hydro Høyanger, og fasilitere for at bedriftene i huben får jobba godt saman og utnytta potensialet som ligg i samarbeidet best mogleg.

– Vi i HNU skal også tilsette ein person som skal leie Høyanger kommune sin del av det desentraliserte utdanningstilbodet «Studiesenter Kysten», så det er mykje spanande å sjå fram til i månadane som kjem.