Margunn Hagen ved Håret Frisør i Lavik fekk god respons da ho inviterte til FotballtrøyeFredag til støtte for barnekreftforeningen.

Stor respons på initiativ i kampen mot barnekreft

Håret Frisør i Lavik med Margunn Hagen i spissen inviterte kundane sine til å støtte Barnekreftforeningen fredag, og dei let seg ikkje be to gongar.


– Det var leverandøren vår Keune som gjorde meg merksam på konseptet FotballtrøyeFredag da dei har ein kampanje i samband med denne dagen der dei donerer 100 kroner til Barnekreftforeningen per selde produkt. Eg synst at dette er eit flott tiltak så eg kasta meg på, og responsen frå kundane vart veldig god.

Hagen fortel at det gjekk i eitt frå klokka 08.30 til stengetid klokka 18 fredag, og at det alt i alt vart samla inn eit par tusen til kreftsaka i løpet av dagen.

– Mesteparten kom inn i samband med sal av Keune-produkt, men det det var og nokre som valde å donere direkte via Vipps. Det var fleire som hadde venta med å kjøpe hårprodukt til nettopp denne dagen, og eg fekk og meldingar etter stengetid av folk som ville kjøpe Keune-produkt, så dette vart ein stor suksess der kundane verkeleg stilte opp for ei god sak. Kreft er jo noko mange av oss dessverre har eit forhold til og erfart i ulike samanhengar, og kampen mot kreften engasjerar breitt. 

Nytt konsept
FotballtrøyeFredag er eit konsept som kjem frå England og som har fått fotfeste også her i Norge dei seinare åra. Støtteaksjonen går ut på at ein markerer støtte ved å ta på seg ei fotballtrøye denne dagen samstundes som ein samlar inn pengar til Barnekreftforeningen. Kva trøye ein har på seg spelar inga rolle da alle spelar på same lag på FotballtrøyeFredagen. Margunn hadde også planar om å stille på jobb i  fotballdrakt, men  slik gjekk det ikkje. 

– Eg fekk rett og slett ikkje tid til å skaffe meg ei drakt. Eg lurte på om eg skulle ta på meg eit Sogndal-skjerf som eg har liggande, men kom fram til at det ville bli for varmt, fortel ho med eit smil.

Med såpass god respons på årets aksjon planlegg Margunn å gjennomføre FotballtrøyeFredag også neste år, om høvet skulle by seg. 

– Med litt lengre førebuingstid vil vi prøve å gjere enda litt  meir ut av dagen også, til dømes med litt enkel servering. Så det gler vi oss til alt no.