
Første gong
I år er første gong Grip framtida vart arrangert, men Kvamme håpar at det kan bli ein fast tradisjon, og eit arrangement som kan vekse. – Det har vore ei veldig fin og uformell stemning her i dag, akkurat sånn som vi hadde håpa, og vi har fått mange kommentarar og gode råd på kva som har vore bra og kva som kunne vore betre med arrangementet vårt. Sjølv meiner vi at dette er eit godt grunnlag for å prøve igjen. Og sjølv om ein god del stilte på stands på messa, og mange og tok turen innom, kunne det gjerne vore fleire der ifølge Kvamme.

Representerte bygda
Blant dei som sette av eit par timar denne laurdagen for å vise fram seg og sitt var ei gruppe frå Vadheim. Dei representerte heimbygda si på ein fargerik og frisk måte, slik folk frå Vadheim gjerne har ein tendens til å gjere. – Vi er her for å fronte bygda vår som vi er så glade i, og for å promotere profilane våre som heiter Opplev Vadheim på sosiale medier. I staden for at alle bedrifter, lag og organisasjonar skal ha sine eigne kanalar å marknadsføre seg gjennom har vi funne ut at vi lagar ein felles plattform der vi viser fram bygda vår og kva den har å by på. Og det er ikkje reint lite som skjer i Vadheim. Det ramsast opp frå alle kantar så det er umogleg for ein skarve journalist å få med seg alt, men spennvidda er utvilsamt stor frå barnetrim til yoga, «lønningspils» på fredagar, og kortspel og pizza for pensjonistane. – Vi meiner at det er viktig å vise at Høyanger er meir enn kommunesenteret, og at kommmunen også har mange levande bygder der ein kan få gode og innhaldsrike liv. Det er kjekt å sjå at bustadar som blir lagt ut for sal i Vadheim blir kjøpt så og seie umiddelbart. Det er fleire unge som har etablert seg i bygda dei seinare åra, og fleire som har sagt at dei ønsker å gjere det i åra som kjem.
Panelsamtalar
På moglegheitsmessa vart det og gjennomført panelsamtalar i Høyanger bibliotek med ulike tematikkar. Hovudsamtalen der var mellom samtaleleiar Kvamme og Thea Ljotebø, Øystein Ullebø Sandnes, Jakob Rømo og Magnus Vattekar Sandvoll. Unge folk med ulike bakgrunnar og livssituasjonar, men alle med ei tilknyting til Høyanger kommune. – Vi håpar at dei som sit i diverse maktposisjonar lytta til det som vart sagt av dei unge på moglegheitsmessa, og det var veldig kjekt å sjå representantar frå både lokalpolitikken og administrasjonen til stades blant publikum. Dei må ikkje vere redde for å spørje oss om dei ønsker fleire innspel til kva ein kan gjere for å gjere Høyanger til eit så attraktivt lokalsamfunn som mogleg for unge vaksne, fortel Kvamme. Ho nyttar høvet til å takke Høyanger kommune, Høyanger Næringsutvikling (HNU) og Folkets Hus for støtte til å arrangere Grip framtida, og til alle dei frivillige som hjalp til med å arrangere både messe og konsert. Også Eides Hotell/Joss Pub, Tommy Aasen og Larsgarden Tunhotell har vore gode samarbeidspartnarar som har stilt velvillig opp. – At vi har møtt så mykje velvilje har gjort arrangørjobben lett for oss, og det viser at det finst massevis av positive krefter i Høyangersamfunnet som har tru på framtida og som ønsker å bidra. Sjølv håpar vi at det vart planta nokre frø under årets Grip framtida som kan vekse til noko verdifullt, og at vi kan arrangere eit tilsvarande arrangement også seinare år så vi kan fortsette å vise fram alt det gode Høyanger har å by på til unge vaksne.