Representantar frå sju korps og KUL-koret har hatt møte og diskutert konsekvensutgreiinga i høve budsjettkutt i Kulturskulen.
Svært alvorleg
Slik vi ser det, kan eit kutt av den storleiken som er skissert, vere fatalt for alt som heiter song og musikk i Høyanger kommune. For det første vil det gå ut over opplæringstilbodet til barn og unge, og særleg dei som bur i dei ytre delane av kommunen. For det andre vil det skade rekrutteringa til dei eksisterande korpsa. Dei frivillige jobbar allereie svært mykje for å oppretthalde eit inspirerande og gjevande tilbod for dei unge. Fleire vaksne i korpsa har vore både hjelpedirigentar og vikariert for faste dirigentar i kortare og lengre tid. Om det vert lagt fleire oppgåver til dei frivillige, kan det heile bryte saman. Kor tenkjer politikarane at ein skal hente lærekrefter frå, om ikkje kommunen stiller med slik kompetanse?Vil vi ha eit rikt song og musikkliv?
Vi har i dag seks aktive korps i kommunen, med to skulemusikkorps, eitt generasjonskorps og tre vaksenkorps. Utan rekruttering til desse korpsa, vil dei om nokre år ikkje ha eksistensgrunnlag til vidare drift. Vi har kun eitt kor i kommunen i dag, men Kyrkjebø Ungdomslag Songkor har til gjengjeld songarar frå alle bygdelag i kommunen med til saman 34 songarar. Om koret og korpsa skal hente dirigentkrefter utanfrå og på privat basis, så vert det svært dyrt.Utkantane vert hardast råka
Kva for born skal få undervisning i musikk? Dei som bur i Høyanger sentrum? Kva med dei i Bjordal, Lavik og Kyrkjebø? I Lavik har dei måtte greie seg åleine i fleire år. Lavik skulemusikk fekk kompensasjon frå kommunen fram til oktober 2024. Deretter ei vag melding om at det ikkje kan halde fram, utan grunngjeving. Kvifor smuldrar berre tilbodet vekk? Når vi først er i Lavik, så er det ei bygd som har imponert mange med korpsmusikken sin. At både Fjordbrass og Lavik skulemusikk har gjort det godt i konkurransar på landsbasis, er eit tydeleg bevis på at ei lita bygd kan få det til. At over halvparten av skuleborna er med i korpset, fortel at det er eit stort behov for tilbodet. Ei sanering av fritidstilbodet som så mange er avhengige av, vil få store negative konsekvensar for Lavik. Born og unge i Lavik er óg med i lagidrett, men då må dei til Høyanger tettstad eller Hyllestad, sidan dei er for få til å danne eigne lag. Ikkje til forkleining for idretten, men det er viktig med ein balanse i tilbodet, slik at alle kan ha ein fritidsaktivitet. Det har vore forska på at å synge, spele eit instrument eller danse, er viktig for både læring, koordinasjon og sosialisering.Korleis vil kommunen framstå?
Høyanger kommune har alltid framstått som ein kulturkommune i tillegg til ein kraftkommune. At kommunen med i underkant av 4000 innbyggarar kan skilte med 7 korps og eitt stort kor, har vore framsnakka mange gonger. Om det går slik framlegget til stillingskutt seier, vert det ikkje mykje å framsnakke om. Ei anna side når det gjeld framsnakk, er beviset på kva opplæring i song og musikk har å seie for framtida til dei unge. Vi har mange gode eksempel på musikarar frå kommunen vår som har gjort det godt både på landsbasis og internasjonalt. Her kan nemnast: Olav Lundgren, Synne Hellebø, Annika Beinnes, Anita Nordheim, Kim og Thomas Systad. Difor er det viktig å poengtere at kommunen både har eit ansvar, men også er ein inspirator og samarbeidspartnar til det frivillige arbeidet. Utan støtta frå kommunen, kan det bli for tungt å drive korps og kor. Ei anna vinkling på denne alvorlege saka er at det er oppvekst-budsjettet som vert råka. Kva med kulturbudsjettet? Kunne ikkje Kulturskulen like gjerne ha vore ein del av Kulturetaten i kommunen? Sjølv om det inngår opplæring i Kulturskulen, så driv dei like mykje med kulturformidling. Med få tilsette i Kulturskulen, er det sårbart viss det oppstår sjukdom. Det er til dømes ingen til å ta over dei administrative oppgåvene viss rektor er borte. Kultur og mangfald er ein oppegåande etat med fleire tilsette som kunne ha vorte ein god forvaltar av musikk, song, dans og kunst. I desse dagar formidlar nettopp Kultur og mangfald kor viktig det er med bulyst og levande lokalsamfunn. Denne bodskapen får ein bitter smak med tanke på nedbygging av Kulturskulen. Vi ber om at de ser denne saka i sin heilskap, der ein kjenner på kva som er viktig for å ha ein kommune der alle skal trivast og ønskje å bu. Det er ikkje hjelp i å satse på eldreomsorga når hjelparane ikkje ønskjer å bu her lenger. Trivsel kan ikkje målast i pengar, men når trivselstilboda blir borte, vil det merkast – også økonomisk.Konsekvensar:
Ingen korps på 1. eller 17. mai!!! Ikkje song og musikk på sjukeheimane. Ikkje julekonsertar i kyrkjene. Vi krev at den 100% stillinga som er foreslått lagt ned, vert oppretthalden og utlyst. Vi krev óg at det må vere 3 heile årsverk lagt til Kulturskulen. Lavik, Vadheim, Kyrkjebø,Høyanger, den 25.03.25 Eirin Borlaug
Leiar Lavik skulemusikk Guro Strandos
Leiar Fjordbrass
Leiar Vadheim Musikklag Jorun Systad
Leiar Vadheim skulemusikk Lidun Ljotebø
Leiar Kyrkjebø skule- og ungdomskorps Gry Sissel Sagen
Leiar Fagforeningens Musikklag Øygunn Mjellelid Gunnarskog
Leiar Høyanger skulemusikk Sissel Tove Litzheim
Leiar Kyrkjebø Ungdomslag Songkor