Russen i Høyanger har lang tradisjon for å samle inn pengar til Kreftforeningen sin årlege innsamlingsaksjon, som fram til 2023 var kjent som «Krafttak mot kreft». 2024 blir ikkje noko unntak, og årets russ er fast bestemt på å samle inn meir pengar enn dei tidlegare russekulla har gjort før dei. Dei utfordrar derfor innbyggjarane i Høyanger kommune til å gje meir enn nokon gong før, og vil ta eit vinterbad om dei slår rekorden. Og sidan dei er heilt sikre på at høyangringane vil levere på utfordringa tok dei tapet på forskot tysdag, og kasta seg i fjorden på Austreimsneset. – Vi kjem til å gå frå dør til dør 9. mars i Vadheim og på Kyrkjebø, og 10. mars tar vi ein runde i Høyanger. Rekorden er frå 2018. Den gongen vart det samla inn heile 81 767 kroner, men vi har stor tru på at høyangerfolk vil støtte denne viktige saka raust også i år, og at det er ein rekord det er mogleg å slå. Det seier Olèa Torsnes og Guri Klævold i 3. klasse ved Høyanger vidaregåande skule, som var to av dei som fekk kjenne på Sognefjordenen sin vintertemperatur denne veka. – Vi har allereie selt bollar på skulen til inntekt for Kreftforeningen, og så har vi laga til ei digitalinnsamling som vi skal sende ut til lokale bedrifter. Vi har og fått oppretta Vipps-nummeret 451009 som vi nyttar under innsamlinga, så vi gjer litt ulike ting for å nå målsettinga om ny rekord. Forsking fungerer
Det er ei dedikert russegruppe som no går ei aktiv innsamlingstid i møte, og dei har også sett seg godt inn i kva pengane skal gå til.