Å kåre «Årets høyangring» og «Årets hyllestading» er ikkje gjort i ei handvending. Først må det nominerast kven som skal bli dei nominerte, og etter ein liten diskusjonsrunde i redaksjonen til Ytre Sogn vil det bli presentert ein handfull kandidatar frå dei to kommunane som folk vil kunne stemme på.
– Dette blir den tredje «Årets» kåringa i vår regi, og for oss i Ytre Sogn er dette eit høgdepunkt på året der vi kan vere med på å løfte fram gode lokale krefter, seier redaktør Stig Hovlandsdal Øvreås. Han håpar på like stor respons på kåringa i år som det har vore dei føregåande åra. – Vi fekk inn mange forslag til kandidatar både i 2022 og 2023, og det er sjølvsagt viktig for oss at det kjem så mange velbegrunna forslag som mogleg, slik at vi kan gi lesarane våre gode kandidatar å stemme på. I fjor kom det heile 126 innspel til kven som fortener litt ekstra heider og ære på tampen av året. – Jo fleire forslag vi får, jo større er sannsynet for at nokon som verkeleg fortener utemerkingane får dei. Under sjølve avstemminga i fjor kom det inn nesten 3000 stemmer, så det er ingen tvil om at «Årets» kåringa engasjerer lokalt. Nokre legg og inn litt ekstra innsats i eit forsøk på å sikre at sin kandidat vinn. – Vi har ikkje hatt nokon restriksjonar på stemminga, og ser at nokre prøver å manipulere resultatet til fordel for sin kandidat på ymse vis. Men det er nok forgjeves, for vi har måtar å fange opp og luke ut slike forsøk på stemmetriksing.Joker Kyrkjebø (bildet) og John Gerick Bårøy vart høvesvis «Årets høyangring» og «Årets hyllestading» i 2023. No kan du nominere kandidatar til årets kåring.
Bli med og nominer «Årets» kandidatar!
I fjor var det Kyrkjebø sin møteplass nr. 1 og ein gladgut i Lifjorden som vart kåra som «Årets høyangring» og «Årets hyllestading». No kan du komme med forslag til årets nominerte.