Det finst ei lita gruppe med tøffe damer i Høyanger som kallar seg for Høyanger badenymfeforening, og dei har denne hausten organisert felles fjordbading på Skjeggestranda minst ein gong i veka. I år hadde dei lyst til å få fleire med på eit julebad, og oppfordra folk til møte opp julaftan kl. 12. – Det er Lars Petter Presthaug i Høyanger Båtforening som foreslo ovanfor oss nymfene å invitere andre med på fjordbadinga julaftan inspirert av den årlege tradisjonen på Søreide der innbyggjarar frå heile Høyanger sørside samlar seg for å ta eit julebad saman. Det fortel ei av badenymfene, Kristine Brix Longfellow. Ho la ut ei oppfordring på Facebook om å bli med på den kalde opplevinga, og hadde håpt på eit oppmøte som kunne matche den på Søreide. Men det skulle vise seg at sørsidingane framleis er kongane i Høyanger når det kjem til julebading.
Når det kjem til bading på julaftan er det framleis Høyanger sørside som leverer desidert best i kommunen. På Søreide tok omlag 30 personar julevasken i Sognefjorden i år. (Video: Arve Søreide)