Det er her på Kvamsøy at tjuvane har vore på ferde i natt. (Foto: Høyanger politistasjon)
Politiet åtvarar

Tjuveri av båtmotorar på Kvamsøy i natt

To Yamaha 70hk båtmotorar er vekke etter eit nattleg tjuveriraid.


Tenestestadsleiar for politiet i Høyanger, Kristoffer Lønning, melder at båtmotorane har blitt stolne på Kvamsøy ein gong mellom klokka 20.30 og 07.15 natt til fredag.

– Motorane var festa på båtar som har lege fortøydd. Båtane vart losna og dradd til ein meir skjerma stad, og så har motorane blitt kopla frå båtane der.

Lønning fortel at det har vore fleire tilfelle av tjuveri av båtmotorar i Sogn og Fjordane dei siste åra, men at det ikkje har vore registrert liknande tilfelle i seinare tid.

– No oppmodar vi alle som kan ha tips i saka om å ta kontakt med oss, og alle båteigarar i nærområda om å sikre båtane sine godt og passe litt ekstra på dei. Vårt inntrykk per no er at dette tjuveriet var planlagt og profesjonelt utført.

Det er to motorar av typen Yamaha 70hk som vart stolne på Kvamsøy i natt.