Etter at Extra Høyanger fekk nye kassar med sjølvbetjening opplever dei stadig vekk at ikkje alle varer blir registrerte.
–Vi snakkar då om folk som gjer det heilt bevisst, seier Elisabeth Avsnes, som er butikksjef hos Extra Høyanger, til Ytre Sogn.
Det er spesielt etter jul at det har teke seg opp med slike tjuveri.
- Vi har meldt saker til politiet omtrent kvar veke, og ser det heilt klart i samanheng med det nye systemet med hurtigkasser, der kundane sjølve registrerer varene. Det kan virke som dei trur at vi ikkje merkar noko om dei let vere å registrere enkelte. Men det gjer vi, seier ho og viser til at dei blant anna har videoovervaking over kvar enkelt sjøvbetjente kasse, noko som også er skilta.
-Det blir også informert om at vi leiger inn kontrollørar, både i sivilt og uniform, som ser at kassalappen stemmer overeins med varene som kunden forlet kassa med. Det gjer vi oftare no som problemet med tjuveri har auka. Elles får vi også rapportar frå eigne tilsette - samt andre kundar - om tjuveri, seier Avsnes.
Oftast vaksne
- Kven er det som stel?
- Folk tenkjer kanskje at det er mest ungdom som stel, men det er ikkje tilfelle her - tvert om. Dei vi tek er ofte godt vaksne folk i 40- og 50-åra, nokre eldre enn det også. Dei stel alle typar varer, anten det er for 80 kroner, eller 1000 kroner, seier ho.
Enkelte har dei teke i å stele meir enn éin gong.
- Vi har også måtte utvise éin fordi det har skjedd fleire gonger, seier ho.
-Har de oversikt over kor mykje det blir stole for?
-Nei, det har vi ikkje. Men sjølv om det gjerne dreiar seg om små beløp, blir det jo mykje til slutt. Så er det heller ikkje alle vi greier å ta. Så vi snakkar om betydelige summar, seier ho og fortel at dei som blir tekne i å stele varer blir melde til politiet, uansett beløp.
- Vi har tillit til at kundar betalar for alle varene dei tek med seg ut av butikken, men ser også at det er fleire som ikkje gjer det, seier ho.
Risikerer bot
Politiførstebetjent Oda Elvegård Thorstad ved Høyanger lensmannskontor stadfestar at dei i løpet av dei siste par månadane har fått nærmare 10 meldingar om tjuveri hos Extra Høyanger.
- Siste par åra har vi omtrent ikkje hatt denne type saker. Kan hende er det meir fokus på det frå butikken si side som gjer at vi har så mange av dei no. Men vi meiner - til liks med dei - at det har samanheng med dei nye sjølvbetjente kassene, og at enkelte ser ut til å trur at det no er vanskelegare å oppdage tjuveri. Men det er slett ikkje tilfelle, seier ho.
Kollegaen, politibetjent Ole Marius Larsen, kan fortelje at i sakene dei har etterforska ferdige er alle funne skyldige. Dei har fått bøter, som er vanleg reaksjon på denne type lovbrot.
- Del fell inn under kategorien mindre tjuveri, som gjeld beløp mindre enn 5000 kroner. Dei som blir funne skyldige får bøter av ein slik storleik at dei merkar at det ikkje løner seg å stele. Tjuveri av ei vare kan fort koste dei like mykje som dei handlar for i løpet av ein månad. Vi snakkar då om bøter på mellom 3000 og 5000 kroner, seier Larsen.