Politiet har lagt bort tjuverisak


På grunn av manglande opplysingar om gjerningsmann har politiet i Høyanger lagt bort tjuverisaka i Lavik.

Det var før påske det vart kjend at treningsutstyr for rundt 25 000 kroner var teke frå Trivselskjellaren, som er Lavik Idrettslag sine lokale i gamleskulen i bygda. Blant anna var fleire vektstenger og - skiver borte då medlemmer av idrettslaget før påske kom for å sjå til lokalet, som vart stengd i samband med koronakrisa. 



Ein reknar difor med at tjuveriet har skjedd i perioden 11.mars-1.april. 



Tenestestadsleiar hos politiet i Høyanger, Kåre Jan Hofrenning, opplyser til Ytre Sogn at på grunn av manglande opplysningar om gjerningsmann er saka no lagt bort.
 


- Meldinga er imidlertid lagt inn i OBS-fil, som er ei digital fil vi ser igjennom når vi blant anna er ute på ransaking hos folk, eller på andre måtar kjem over noko. Så sjølv om tjuverisaka er lagt bort så har vi litt opplysningar, og det skal berre eit tastetrykk til for å få den aktiv igjen om noko nytt skulle dukke opp, seier Hofrenning.